Olav Sletto-selskapet er nedlagt
Selskapet vart nedlagt på årsmøtet 27. mai 2026. Denne nettstaden er no eit arkiv og blir ikkje oppdatert. Hol kommune eig Olav Sletto-arkivet, og Hol bygdearkiv formidlar materialet.
Protokoll frå årsmøtet 27. mai 2026: PDF · Word (.docx)

Arkiv

Anne Mari Gretteberg Gjerstad vald som illustratør

OS rommet med hovud og maleri

Styret i Olav Sletto-selskapet valde i møte 16. november 2012 Anne Mari Gretteberg Gjerstad som illustratør til barneboka om Per og Hølji då dei kamperte på stølen saman med budeia Storedundra. Du kan lesa meir om dette i referatet frå møtet, som også inneheld protokoll fra møtet med kunstnaren fredag 16. november 2012. Styret takkar Gunnveig Nerol, som også var med i prosessen. Trond Andersson var invitert til å vera med, men takka nei grunna mykje anna arbeid.

Referat STYREMØTE 9.11.12 – datert 13.11.12(1)

Møta fann stad i Hol bibliotek, der Marie Skogheim og Ragnhild Nestegard har laga til eit fint
Olav Sletto-rom i andre høgda (sjå

bilete).

Montasje_Olav Slettorommet i Hol bibl. (1)

Alle fotos: Eva Almhjell

 

Les meir

Styret i Olav Sletto-selskapet 2012

Olav-Sletto-selskapets-styre. F.v. bak: Kåre Olav Solhjell og Arild Mikkelsen. F.v. framme: Eva Almhjell (styreleiar), Elisabeth Aaker og Britt-Mari Sletto.

Årsmøtet i Olav Sletto-selskapet 16. juni 2012 valde Eva Almhjell som ny styreleiar. «Det er ei tillitssak å avløyse Arne Skogheim, som eg takkar for. Betre grunnlag enn det han og hans styrer har lagt kunne ingen få, og eg vonar å aksle vervet til det beste for selskapet», sa Eva Almhjell mellom anna, då ho takka Skogheim. Ho legg stor vekt på at ho har med gode folk, både veteranar og nye, dyktige folk med engasjement for det selskapet no driv med. Styret arbeider mellom anna med ei biletbok for ungar basert på utdrag av Per Stavlang, ein av dei fire bøkene om Per, som handlar om stølslivet for getlegut og budeie i gamle dagar. Manus er sendt til språkkonsulent og tre kunstnarar er invitert til å gi sine innspel til teksten. Det er også gledesfylt vera både styre og styreleiar når ein fær så gode gaver frå folk som bokgava etter avlidne Lena Slettemoen, smiler den nye styreleiaren.

Foto: Borgny Slettemoen Tøfte

 

 

Les meir

Olav Sletto bøker til Olav Sletto-selskapet

Borgny-Slettemoen-Tøfte-og-Anna Slettemoen Dahl overrekker bokgave til Olav Sletto-elskapet

Borgny Slettemoen Tøfte og Anna Slettemoen Dahl kom med meir enn 30 Olav Sletto-bøker til Olav Sletto-selskapet då styret hadde møte 20. juli 2012. Bøkene er ei gave etter mor deira, Lena Slettemoen. Nokre av bøkene er bunde inn av farbror til Borgny og Anna, Guttorm Slettemoen, som var lærar i Hurum, men som levde sine siste år på Medhus i Kvisla. Utruleg vakre omslag og sers dyktig innbunde. «Dette ville

mor ha likt», sa Anna og Borgny, og styret takka hjarteleg for den spesielle gava.

Bokgave til Olav Sletto-selskapet 20.7.12

Fotos: Eva Almhjell

Les meir

Eventyr av 12 åringen Olav Sletto

Gamal mur

Gro Randen har funne eit lite eventyr frå 1898, skrive av den då 12 år gamle Olav Sletto. Truleg er dette det fyrste Olav Sletto fekk på prent, skriv Arne Skogheim i ein kommentar til dette vesle eventyret. Gro Randen står for utstillinga som Hol museum har laga i høve Norsk Barneblad sitt 125 års jubileum i år. Skogheim har også forsynt Olav Sletto-selskapet med eit stykke Olav Sletto skreiv i Joletre i 1909, «Rjupeungarne» , det året han debuterte med «Dei gamle».

Daa Oskefis var diktar av Olav Sletto, No. Barneblad 22-20.11.1898.jpg
Rjupeungarne av Olav Sletto, Joletre

1909

Foto: Eva Almhjell

 

Les meir

Stor takk til Arne Skogheim

Arne-S-100-p-m-bok-og-blome

I årsmøtet i Olav Sletto selskapet 16. juni 2012 takka Arne Skogheim for seg som styreleiar. Han ga eit attendeblikk på det dei har fått til under hans leiarskap sidan starten i 2001. Ideen om eit Olav Sletto selskap vart lansert av Jul Haganæs hausten 2000, og Skogheim framheva Kaare Wensaas si viktige rolle då ideen vart følg opp

og selskapet oppretta. Det er m.a. gitt ut årshefte for kvart år med gode artiklar om Olav Sletto og hans forfattarskap. Årsmeldingar har likeså vore gitt ut årleg. I 2011 vart 125 års dagen for Olav Slettos fødsel markert med jubileumshefte og jubileum i Sletto. Arne Skogheim avslutta som styreleiar med å gi heile samlinga si på i alt 42 bøker av Olav Sletto til Hol bygdearkiv, der den som vil kan lesa dei, men ikkje låne dei. Nyvald styreleiar, Eva Almhjell, og Kåre Olav Solhjell, veteran i styret, takka Arne Skogheim for innsatsen hans som styreleiar.

A Skogheim_Olav Sletto selskapet – eit attersyn_tekst

Referat frå årsmøtet 160612

Referat frå styremøte 16 6 12

Biletminne – årsmøte Olav Sletto-selskapet 16.6.12

Foto: Eva Almhjell

 

 

Les meir

Knut V. Seim vart takka for raus bokgave

Knut-Seim-overrekker-bokgav

Olav Sletto selskapet takka i årsmøte 16. juni 2012 Knut V. Seim hjarteleg for bokgava han overrekte Holet bibliotek i møtet. Den rause gava er den komplette samlinga

av bokverket Norsk Ordbok, i alt 12

bind. 10 av dei er komne ut, dei to siste kjem dei to neste åra.

Foto: Eva Almhjell

Les meir

Medlemsbrev nr. 2 – 2012 og årsmøte

tulipaner

Olav Sletto-selskapet ynskjer alle medlemmer velkomne til årsmøte laurdag 16. juni 2012 kl. 1200 på Vika

Eldresenter i Hol. Dagsorden og anna nytt om selskapet fins

i Medlemsbrev 2 – 2012

Les meir

Raus bokgave

Soloppgang sett frå Hallingskarvet

Knut V. Seim i Hovet gir det 12-bind store bokverket Norsk Ordbok vederlagsfritt til Olav Slettoselskspet. Seim tinga verket som lærarstudent på begynnelsen av 1950-talet. Det Norske Samlaget starta utgjevinga med eit hefte over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet i 1950. Per i dag er det kome ut 9 av i alt 12 bind i serien, som i sin heilskap er donert til Olav Sletto selskapet. Bind 11 kjem i 2013, bind 12 i 2014, ved 200 års jubileet for 1814. Bøkene blir å finne i Olav Sletto-samlinga ved bibliotekfilialen i Hol. Der, i Olav Sletto si heimbygd, syns den rause givaren at bøkene høyrer heime. Styreleiar Arne Skogheim takkar hjarteleg for den storfelte gava. Bøkene

vil bli overrekt under årsmøtet i Olav Slettoselskapet 16. juni 2012.

Vi kjem attende til saka då, men viser også til fyldig artikkel i Hallingdølen, torsdag 3. mai 2012.

Bildet: Solrenning sett frå Hallingskravet. Foto: Eva Almhjell

Les meir

Alle årshefta publisert

Kong Vinter slepper ikkje heilt taket

No er årboka for 2002 og årshefta for åra 2004-2011 publisert. Årboka kom på slutten av 2002 og var eit stort lyft for Olav Sletto-selskapet, difor var det inga utgjeving i 2003. Det er Britt-Mari Sletto som har stått for scanning og publisering av alle dokumenta. Det er mykje interessant lesing her,

seier ho. Du finn dei under Styret og Årshefter i venstremenyen. Foto: Eva Almhjell

Les meir

GOD PÅSKE

Hestehov

Olav Sletto selskapet ynskjer medlemer og lesarar

fagre påskedagar. Foto: Eva Almhjell

Les meir