I år feirar Det Norske Samlaget 150 år. Det blir dugleg markert over heile landet, fyrst og fremst med praktverket «Nynorsk litteraturhistorie» som professor Jan Inge Sørbø har skrive, men også med utstillingar som museer og andre lagar. Soleis har Hol Bygdemuseum laga ei fin liten utstilling, kalla «150 år med litteratur om Hallingdal frå Det Norske Samlaget». Det er Gro Randen som har gjort utstillinga. Der er også Olav Sletto med. Samlaget ga i åra 1977-1980 ut dei fire Per-bøkene hans i Orion-serien, og i 1966 kom Johs. A. Dale og Lars Reintons «Ei bok om Olav Sletto». Alle er å finne i utstillinga, saman med mykje anna interessant stoff.
Olav Sletto-selskapet er nedlagt
Selskapet vart nedlagt på årsmøtet 27. mai 2026. Denne nettstaden er no eit arkiv og blir ikkje oppdatert. Hol kommune eig Olav Sletto-arkivet, og Hol bygdearkiv formidlar materialet.
Protokoll frå årsmøtet 27. mai 2026: PDF · Word (.docx)