(Vedtekne på skipingsmøte 3.mars 2001, endra på årsmøtet 12.juni 2004, 16. juni 2007, 3. september 2011, 15. juni 2013, 21. juni 2014, 10. april 2015, 1. april 2016 og 21. april 2017, 6. april 2018).
§ 1. OMFANG.
Olav Sletto – selskapet er eit landsfemnande selskap av einskildpersonar, organisasjonar, skular, verksemder, institusjonar, kommunar og fylkeskommunar. Selskapet er ein sjølvstendig juridisk person, skipa 3.mars 2001 i Hol.
§ 2. FØREMÅL.
Føremålet med selskapet er å styrke interessa for Olav Slettos liv og dikting.
Dette kan gjerast m.a. ved:
- å sjå til at Olav Sletto sine bøker vert gjort tilgjengeleg for ålmenta
- å leggja til rette for auka bruk av Olav Sletto sin litteratur i skuleverket
- å medverka til at lydopptak med Olav Sletto vert teke vare på og nytta
- å arbeida for at det blir gjeve ut publikasjonar om kunstnarens liv og dikting
- å arrangera foredrag, seminar, kurs og ekskursjonar m.v.
- å ta vare på og utvikla Sletto-samlinga i Holet bibliotek
- å leggja til rette for systematisering og forskning med grunnlag i Olav Sletto sine etter- latne manuskript, brev m.v.
§ 3. MEDLEMSKAP.
Medlemskap i selskapet oppnår ein ved å godkjenna selskapet sine vedtekter og betala inn medlemskontingenten.
Årskontingenten fylgjer kalenderåret og kan variera for ulike kategoriar medlemer.
Innmeldingsavgifta og årskontingentsatsane vert fastsette kvart år av årsmøtet. Selskapet kan samla inn midlar til særlege føremål.
§ 4. STYRET.
Selskapet har eit styre på 5 medlemer med 3 vararepresentantar. Styremedlemer med vararepresentantar vert valde på årsmøtet for 2 år om gongen. (2 styremedlemer og 1 vararepresentant vert valde for 1 år på skipingsmøtet).
Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er tilstades. Leiaren har dobbeltstemme ved stemmelikskap.
Styret skal leia selskapet etter vedtektene og dei vedtak som vert gjort på årsmøtet.
Styret har ansvaret for rekneskapsføringa.
§ 5. REKNESKAP.
Rekneskapen skal førast av kasserar. Leiar/kasserar attesterer alle utgiftsbilag. Leiar/kasserar har prokura og underteiknar.
§ 6. REVISJON.
Rekneskapen skal reviderast av ein revisor vald av årsmøtet. Revidert rekneskap skal leggjast fram for årsmøtet.
§ 7. ÅRSMØTET.
Årsmøtet skal haldast i løpet av fyrste halvår. Årsmøtet handsamar årsmelding og rekneskap, arbeidsplan og vedtektsendringar. Årsmøtet vel styremedlemmer, leiar og revisor. Styret konstituerer ellers seg sjølv. Saker som skal takast opp på årsmøtet må vera styret i hende 3 veker før. Årsmøtet skal kallast inn med minst 1 månads varsel. Kvar årsmøtedeltakar har 1 stemme.
§ 8. EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE.
Ekstaordinært årsmøte kan kallast inn av styret med 14 dagars varsel. Berre dei sakene som er årsak til innkallinga skal handsamast på møtet.
§ 9. VEDTEKTSENDRINGAR.
Framlegg til endring av vedtektene skal sendast styret seinast 4 veker før årsmøtet. Gyldig vedtak kan fattast på ordinært årsmøte med 2/3 fleirtal.
§ 10. OPPLØYSING.
Oppløysing av selskapet kan berre skje etter handsaming på 2 etterfylgjande ordinære årsmøte. I begge tilfelle må det vera 2/3 fleirtal for oppløysing. Ved oppløysing skal selskapet sine verdiar setjast av til eit fond og nyttast til føremål nemnde i §2 i vedtektene. Hol kommune forvaltar fondet.