Eva Almhjell: Prosjekt «Digitalisering av Olav Sletto-arkivet» (2016-2018).
Olav Sletto-selskapet starta hausten 2016 arbeidet med å digitalisere Olav Sletto-arkivet. Prosjektet vart avslutta 31. juli 2018. Meir enn 500 brev til og frå Olav Sletto, avisutklypp og andre dokument er skrivne av og skanna. Avskrifter fram til 15.12.2017 er lagra digitalt i Hol kommune/bygdearkivet. Olav Sletto var på 70 taleferder i åra 1910-1917. 28 av emna han tala over er funne i arkivet. Dei er med i det digitaliserte materialet.
Det er Hol kommune som eig Olav Sletto-arkivet. Olav Sletto-selskapet forvaltar det, jf. avtale signert 19.6.2016.
Transkribert stoff tilhøyrer den som har transkribert stoffet, og kan berre nyttast etter avtale med denne.
Ta gjerne kontakt med Eva Almhjell, eva.almhjell@gmail.com eller 970 98 723 om det er noko du lurer på.
I 2017 er det laga tre rapportar til Hol kommune/Bygdearkivet frå prosjekt «Digitalisering av Olav Sletto-arkivet»:
Rapport I til Hol kommune om Digitaliseringsprosjektet – OS-arkivet, 20.1.17
Rapport II til Hol komm. om Digitaliseringsporsjektet – OS-arkivet, 15.6.2017
Rapport III til Hol komm. om prosjekt Digitaliering av OS-arkiv, 15.12.2017
Olav Sletto-materiale i Hol bygdearkiv – katalog
Av Kåre Olav Solhjell
Etter Olav Slettos eige ønskje overlét arvingane Slettos boksamling og samlinga av brev og manuskript til Hol kommune. Gåvebrevet vart referert i Hol kommunestyre 13. desember 1965. Hol kommune arbeider i 2018 med ei formell avtale mellom Hol kommune og Olav Sletto sine etterkomarar.
Samlinga vart overlevert til Geilo bibliotek. Der var det trongt om plassen, og Sletto-samlinga vart ståande nedpakka i kasser. Under arbeidet med ”Ei bok om Olav Sletto”, skriven av Johs A. Dahle og Lars Reinton, gjekk Reinton gjennom kassene i biblioteket på Geilo og har samtidig gjort ei første sortering av materialet. Samtidig med dette vart samlinga supplert med Reintons eigne notatar og med materiale samla av han.
Då nytt bibliotek og arkiv vart bygd i Holet i 1988, vart Sletto-samlinga flytta dit.
Olav Sletto-selskapet vart skipa i 2001. Selskapet har som oppgåve å fremje interessa for Sletto ved å gi ut publikasjonar, arrangere kurs og seminar. Det er vidare ei oppgåve for selskapet å utvikle Sletto-samlinga og sørge for å legge til rette for systematisering og forsking med grunnlag i materialet i samlinga.
I samsvar med Olav Sletto-selskapets formål har styret gjennomført ei ny sortering av materialet og plassert det i arkivboksar. Sorteringa må reknast som mellombels, ettersom materiale av ulikt opphav og innhald framleis er blanda. Eit eventuelt forskingsarbeid med grunnlag i materialet, bør kombinerast med ei justering av måten materialet er ordna på.
Arkivet og registeret vart presentert for årsmøtet i Olav Sletto-selskapet i 2009.
Arkivets hovudinndeling
Arkivet er inndelt i åtte hovudemne og samla i 29 arkivboksar etter slik inndeling:
A Utkast og forarbeid til trykte manus
Boks 1 – 9
B Utrykte manus
Boks 10 – 15
C Skolesaker
Boks 16 – 17
D Brev
Boks 18 – 22
E Foredrag
Boks 23
F Avisutklipp, bokmeldingar
Boks 24 – 25
G Notatar etter Lars Reinton
Boks 26 – 28
H Privat
Boks 29
Boks 30
Einar Tufte sitt notat om mor hans si fortelling om kven som var far til Olav Sletto. Overtatt frå Einar Tufte rett før han døydde.
Boks 1
A – Utkast og forarbeid til trykte manus
1. 1 Um Tyskland. Inneheld omsetting av ”Um Tyskland” til dansk ved Erik Pedersen, 1916.
Um Tyskland – heile boka på norsk, Ringen forlag 1914.Publisert i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2010.
1. 2 Loke. Legget inneheld berre eitt ark, som er teke ut av ein annan samanheng. Det er skrive på dansk. Sletto fortel noko om bakgrunnen for verket.
EVA-C. MØRKS MASTEROPPGAVE 2016 – A4 Eva-Charlotte Mørk: Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettoa bøker om Loke.
Masteroppgave i nordisk litteratur, NTNU Trondheim mai 2016.
1. 3 Ambrosius del 1. Lause lappar med handskrivne tekstar, lagt i små legg.
1. 4 Ambrosius del 2. Lause lappar med handskrivne tekstar, lagt i små legg.
1. 5 Ambrosius del 3. Lause lappar med handskrivne tekstar, lagt i små legg.
Boks 2
A – Utkast og forarbeid og trykte manus
2. 1 Ambrosius del 4. Lause lappar med handskrivne tekstar, lagt i små legg.
2. 2 Uppetter Glasberget. Ein konvolutt med lause lappar med handskrivne tekstar.
2. 3 Glør. Fragment av manus til ”Glør”, 1930. Handskrivne, nummererte sider.
GLØR (Avskrift ved Arne Skogheim. Publisert i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2012)
A. Mikkelsen Intro til GLØR (Publisert i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2012)
2. 4 Per-bøkene. Her ligg først eit brev frå Tore Ørjaseter og eitt frå Lars Reinton. Dessutan nokre notatar gjort av Lars Reinton, truleg under arbeidet med ”Ei bok om Olav Sletto”. Største delen er ein bunke med maskinskrivne ark, påført handskrivne rettingar. Påskrift av Lars Reinton: ”Avfall frå Per-bøkene. Her er mykje som ikkje er brukt i Per-bøkene”.
Boks 3
A – Utkast og forarbeid til trykte manus
3. 1 Rognald-folket del 1. To pakker med handskrivne lappar.
3. 2 Rognald-folket del 2. Maskinskrive manus med handskrivne rettingar side 1 – 255. Med tittelblad ”Gry”.
3. 3 Rognald-folket del 3. Maskinskrive manus med handskrivne rettingar side 57 – 75, og side 256 – 348.
Boks 4
A – Utkast og forarbeid til trykte manus
4. 1 Rognald-folket del 4, a og b.
To pakker med lause, handskrivne lappar. Begge med påskrift av Lars Reinton.
a) Påskrift: Viktige førehandsnotatar til Røgnald-verket. Lappar.
b) Påskrift: Silju. Røgnald-folket. Notatar – lappar.
4. 2 Rognald-folket del 5. Mappe med lause lappar. Påskrift av Lars Reinton: Brukte notatar. Silju.
Alf Larsen bokmelding Røgnaldfolket (Fins også på Nasjonalbiblioteket si heimeside)
A.Mikkelsen-intro til A.Larsens bokmelding
Alf Larsens bokmelding av Røgnaldfolket og Arild Mikkelsens introduksjon til bokmeldinga er publisert i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2013.
Boks 5
A – Utkast og forarbeid til trykte manus
5. 1 Olver del 1. Pakke med handskrivne notatar. Påskrift av Lars Reinton: Olver – Kladdar I.
5. 2 Olver del 2. Pakke med handskrivne notatar. Påskrift av Lars Reinton: Kladdar til Olverbøker II.
Boks 6
A – Utkast og forarbeid til trykte manus
6. 1 Olver del 3.
Pakke med handskrivne og maskinskrivne notatar. Påskrift av Lars Reinton: ”Mest notatar til Olver-bøkene III. Men og andre ting. L.R.1965.”
6. 2 Olver del 4.
a) Pakke med notatar. Påskrift av Lars Reinton: ”Sletto og Fjellet. Draumane. Olver-lappar. Frå ”korga” på skrivebordet”.
b) Maskinskrive manus til ”Under Helgafjell”. Påskrift av Lars Reinton. Sider manglar.
Boks 7
A – Utkast og forarbeid til trykte manus
7. 1 Olver del 5. Pakke med lause lappar. Påskrift av Lars Reinton: ”Notatlappar av mange slag til Olver-bøkene. Om Brandes. Om venner og fiendar. Om bøkene sine osb”.
7. 2 Olver del 6. Diverse kladdeark.
7. 3 Olver del 7. Maskinskrive manus med handskrivne rettingar. I uorden. Blanda fleire utgåver og ikkje i rekkefølge.
7. 4 Olver del 8. Maskinskrive manus med handskrivne rettingar. I uorden.
Boks 8
A – Utkast og forarbeid til trykte manus
8. 1 Olver del 9. Maskinskrive manus med handskrivne rettingar. I uorden. Upp bakke og ned dal.
8. 2 Olver del 10.
a) Mappe påført II. Maksinskrive manus med handskrivne rettingar. I uorden.
b) Mappe påført III del. Slagskugge. Maskinskrive manus med handskrivne rettingar. I uorden.
8. 3 Olver del 11. Blåkopi av maskinskrive manus utan påførte rettingar. I uorden.
8. 4 Olver del 12. Maskinskrive manus med handskrivne rettingar. I uorden.
8. 5 Olver del 13. Maskinskrive manus med handskrivne rettingar. I uorden.
8. 6 Olver den 14. Maskinskrive manus med påførte rettingar. I uorden.
Boks 9
A – Utkast og forarbeid til trykte manus
9. 1 Dialogane del 1. Handskrivne utkast og notatar til Dialogane.
9. 2 Dialogane del 2. Pakke med påskrift av Lars Reinton: ”Vyrke til Dialogane og notatar av mange slag. Lappar. Utkast til Fjellmannen. Hjelp til å forstå ”Skrinet skal opnast om hundre år”.
Boks 10
B – Utrykte manus
10. 1 Den gamle del 1.
Inneheld tre legg med lause, handskrivne notatar.
Debutboka til Olav Sletto, Norli 1908 (heile boka). Også publisert i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2011 (jubileumshefte).
DEI GAMLE
a) Med påskrift: Døden
b) Med påskrift: Den gamle. Ord til bruk. Naturhendingar.
c) Med påskrift: Ny bok ”Den gamle”. Kanskje undertittel: ”Epilogus” Olver sit ved bordet og grunnar. Stabburet.
10. 2 Den gamle del 2. Pakke med lause handskrivne lappar med påskrift: ”Boki. 1. utkast. Lappar, Uppteikningar merkt aforismer, dialogane, Den gamle osb.”
10. 3 Den gamle del 3. Pakke med lause handskrivne lappar med påskrift: ”1. ukast Den gamle. Drøftar Omgrepet ”gamal”.
10. 4 Broder Hans. Filmmanuskript. Mappe med maskinskrive manus.
Boks 11
B – Utrykte Manus
11. 1 Dagatal, Bok I – III.
Tre handskrivne, ulinjerte kladdebøker.
a) Bok I med påskrift: Dagatal Bok I. Minneliste til seinare bruk. 22/7-1937 – 15/5-1938. Desse minnebøkene skal heite Dagatal.
b) Bok II med påskrift: Dagatal Bok II. Byrjar 27/5-1938 – sluttar 29/1-1939.
c) Bok III med påskrift: Dagatal Bok III. 30/1-1939.4.7.1941.
11. 2 Dagboka. Minneboka om tida i Hol. Byrja etter 50-årsdagen 12/7-1936. Slutta 18/9-1936. Pålima lapp med påskrift: ”Olav Sletto Minnebok motteke av Hermann Oppheim, Ål 31/10-1987. (Kristen Svarteberg, Dølaminne)”.
11. 3 Labyrinten. Pakke maskinskrivne manusark med påskrift: Olav Sletto: ”Labyrinten. Olaf Norlis Forlag 1953”. Ligg ved nokre lause lause lappar med handskrift.
11. 4 Ingeniør Raun. Påskrift: ”Mappe med maskinskrivne sider. Høgfjellstunnell. Olav Sletto, Skodespel i 3 akter (utan tittel). 77 blad. Av manuskriptet finst ingen avskrift”. Påskrift av Lars Reinton: ”Ingeniør Raun”. L.R. sett på denne.
Boks 12
B – Utrykte manus
12. 1 Labyrinten. Maskinskrivne manussider med handskrivne rettingar. I uorden.
12. 2 Manus utan tittel. Maskinskrivne manussider med handskrivne rettingar. I uorden. Kan høyre Saman med 12. 1.
12. 3 1 aktar. Eit barn er fødd. Blanding av lause lappar, handskrive manus og maskinskrive manus med handskrivne rettingar.
12. 4 Manus utan tittel. Maskinskrive manus med handskrivne rettingar. I uorden.
12. 5 Manussider utan tittel. Maskinskrivne manussider med handskrivne rettingar. I uorden.
12. 6 Ei natt i Skrattberg, konsulentuttale. Legget inneheld to ark med to meldingar utan underskrift.
Boks 13
B – Utrykte manus
13. 1 Kirken den er et gammelt hus. Pakke med påskrift av Lars Reinton: Førehandsnotatar til ”Kirken den er et gammelt hus” eller ”Dei i prestegarden” (som ikkje har vorte ferdig). (Abortus provokativus – ymse”.
13. 2 Hagar. Påskrift av Lars Reinton: Utkast og forarbeid til ”Hagar”.
13. 3 Doktar. Ljørum Handskrive manuskript.
13. 4 Sjugur. Handskrive manuskript.
13. 5 I sovevogn. Handskrive manuskript.
13. 6 Hjaa frøken Gunhilde og broder Johannes. Handskrive manuskript.
13. 7 Skodespelet ”Vesle-Vaksen” og ”Kjenslor”.
a) Påskrift av Lars Reinton: Skoderspelet ”Vesle-Vaksen” funne hjå S. Reinton, Hol. truleg levert til han medan Olav Sletto gjekk i skulen hjå han .
b) Kjenslor. Påskrift av Lars Reinton: ”Diktheftet er nok frå same tid som Vesle-Vaksen, då han var 13 år gamal, altså frå 1899. Funne hjå S. Reinton, Hol”.
c) Fragment. Del av eit større skodespel. Om lag samtidig med Sverre Prest, ca 15 år.
13. 8 Ymse 1940. Påskrift av Lars Reinton: ”Fleire idear, emne, utkast, ikkje gjennomførde”.
Boks 14
B – Utrykte manus
14. 1 Planar og upprit del 1. Lause lappar og manussider frå ulike tidsrom.
14. 2 Planar og upprit del 2. Lause lappar og ei kladdebok med påskrift: ”Siste pilegrim”.
14. 3 Berre slagg. Lause lappar og manussider som er i uorden. ”Berre slagg” er påført av Lars Reinton.
Boks 15
B – Utrykte manus
15. 1 Sverre Prest (Kongsmoder). Påskrift av Lars Reinton: ”Ymse emne til uskrevne verk. Tale om H. Rytter. Notatar. Her arbeid frå barneåra: ”Sverre Prest”. Skodespel i ei vending, som den eldre Sletto ville arbeide vidare ut under tittelen ”Kongsmoder”, som fortel Sverre at han er kongsson. (Eg har lånt ”Sverre Prest” (Kongsmoder) til arbeidet med Slettos biografi 17/7 1965. L.R.)”
15. 2 ”Eg forsvarar meg sjølv”. Påskrift: Vyrke til eg forsvarar meg sjølv. Delfi som jagar fienden, perservare, utan våpen.
Boks 16
C – Skolesaker
16. 1 Brev og papir vedkomande skulen på Sørumsand etc.
16. 2 Skule og undervisning, mest.
Boks 17
C – Skolesaker
17. 1 Frå skulearbeidet, mest.
17. 2 Ymse frå skule og undervisning.
Boks 18
D – Brev
18. 1 Utdrag av brev til og frå Olav Sletto og Karin Bryde 1909 – 1923. Utdraga er gjort av Lars Reinton på grunnlag av ungdomsbrev utlånt av Eva Sletto. 20.8.1965.
18. 2 Brev frå Jacob T. Ihlen, Ål.
18. 3 To brev frå Kristmann Gudmundson, Island.
18. 4 Brev frå Theodor Caspari.
18. 5 Familiebrev Påskrift av Lars Reinton: ”Helsingar, telegram mm. Brev til og frå Karin, oppteikningar. Om Karin (og flytting heimanfrå). Brev frå Eva, frå Bjørn, frå Randi o.m.
18. 6 Korrespondanse Alf Larsen 1929 – 1950
18. 7 Korrespondanse Alf Larsen 1950 – 1952
18. 8 Korrespondanse Alf Larsen 1952 – 1955
Boks 19
D – Brev
19. 1 Ymse brev Påskrift av Lars Reinton: ”Av mindre interesse.”
19. 2 Brev frå kjende menn og kvinner Påskrift av Lars Reinton: ”Arne Garborg, Hulda Garborg, Tore Ørjasæter, Johan Falkberget, Inge Krokann, Anders Hovden, Strilegjenta, Henrik Rytter, Chr. Collin, Oskar Braaten, Kristofer Uppdal, Peter Egge, Ingeborg Møller, Alfred Hauge, Ragnvald Vaage, Fredrik Paasche, Harald Stormoen, Idar Handegard, Olaus Islandsmoen, Arne Bjørnsdal, Sigurd Eldegard, Arne Falk.
19. 3 Nokre brev frå Lars Reinton og eit par frå Sigurd S. Reinton. Påskrift av Lars Reinton: 16.12.1942, 17.1.1944, 10.2.1945, 21.10. 1945, 10.1.1947, 10.12.1953.
16.5.1946 Om å overta huset på Geilo.
23.6.1949 Melding om æresløn av Hol på 800 kroner.
19. 4 Allminnelege brev frå Forfattarforeininga.
19. 5 Brev frå ulike avsendarar. Påskrift av Lars Reinton: O. Alsvik, Åsmund Brynildsen, Aagot Benterud, Dagfinn Mannsåker, Olaf Funderud, Severin Eskeland, Kristmann Gudmundson.
Boks 20
D – Brev
20. 1 Brev frå Olav Brusletto. Ein bunke med brev frå 1912 – 1949, ordna av Lars Reinton.
20. 2 Ymse brev. Helga Fossgard, Alf Larsen, J. T. Ihlen. Helsing frå klassekameratar på Notodden.
20. 3 Rekneskap for ”Odel”. Påskrift av Lars Reinton: Dramatiktaren. Brev om ”Odel” bl.a. av Edv. Drabløs. Brev om ”Skrinet” av Olav Dalgard og av Prof. Oscar Albert Johnsen. Brev om ”Domhuset” av Knut Hergel og Dansk Teaterforlag. Brev om Tempo av Olav Dalgard.
20.3 Brev Olav Gullvåg (NB! 2 mapper merka 20.3.)
20. 4 Brev frå antroposof- og teosofi-venner Påskrift av Lars Reinton: Dr. Lilly Heber, Michael Eckhoff (om Swedenborg), Erling Havrevold, Olaf Funderud, M. Krogh-Tonning, O.r.sakf. J. Michelsen (reincarnasjonen.)
20. 5 Brev frå Olaf Norlis Forlag. Frå ”Dei gamle” 1908 til ”Boki om Olver” 1955.
20. 6 Brev frå fleire. Frå O. P. Monrad 1913 og 1914. Frå Ella Anker. Frå Erik Humlegard. Frå Erling Bjørnson.
20. 7 Ymse brev, dels privat.
a) Ymse brev om oppgjeret etter krigen, og som rører ved dette.
b) Eit brev frå Anne Olsen (mor til Olav Sletto). Brev om sjukdom, og gravstein.
c) Brev frå Theodor Caspari. Ein avisartikkel om skipsreiar Bryde, og brevet frå departementet med melding om kunstnarlønn. Konvolutten har påskrift av Lars Reinton: ”Til Sletto-rommet på Geilo.”
d) Slettos tilhøve til kjende menn. Garborg, Duun, Sven Moren, Hovden, Lars Eskeland.
e) Brev frå Sletto til Erling Tobiassen
20. 8 Sverige og Sletto Påskrift av Lars Reinton: Brev frå svenske venner mel. a. Gustaf Tornell om omsetjing av ”Tenaren” mm. Frå andre svenskar, og utklipp av svenske aviser.
Boks 21
D – Brev
21. 1 Brev frå Ragnvald Skrede Her ligg også ei mappe med påskrift: ”Korleis det sjølvbiografiske vart so sterkt i hans dikting”. Denne er bunden saman med breva frå Skrede. Her ligg også omfattande notat av Olav Sletto om arbeidet med Loke-kvartetten, Olver-bøkene – herunder Olav Sletto sine vurderingar av Sigmund Freud.
21. 2 Dei eldste breva i Slettos etterlatte brevsamling. Desse breva ligg i ein konvolutt. Her er også ein konvolutt med brev til Lars Eskeland. Her ligg også eit brev utan dato og adressat, skrive av Sletto. Og det ligg eitt brev til Sletto frå Bjørn Smørgrav, datert 4.11.1962.
21. 3 Brev til Karin Bryde (Sletto) I. Mange brev, kronologisk ordna 1910 – 1920.
21. 4 Brev til Karin Sletto II. Mange brev, kronologisk ordna 1913 – 1920.
Eva Almhjell har ordna brev – nær 500 brev i alt – i arkivboksane 21.3, 21.4, 22.1, 22.2 etter år under det ho har kalla A-BOLK VIII
Boks 22
D – Brev
22. 1 Brev frå Karin Bryde Sletto til Olav Sletto I, 1909 – 1913. Kronologisk ordna.
22. 2 Brev frå Karin Bryde Sletto til Olav Sletto II, 1913 – 1924. Kronologisk ordna.
22. 3 Brev frå Olav Sletto til S. Reinton 1904 – 1919. Her ligg også nokre notatar av Lars Reinton.
Korr. OS-SR 1904-1919 (avskrift ved Kåre Olav Solhjell, fyrst publisert i Olav Sletto-selskapets Årbok 2002, s. 69-110)
22. 4 Brev til Lars Reinton.
22. 5 A) Fleire brev til Eirik Humlegard.
22. 5 B) Eitt brev til Jon Mannsåker.
22. 6 Brev til Kristoffer Uppdal.
22. 7 Frå Alf Larsen til Lars Reinton 12.11.1966.
Boks 23
E – Foredrag
23. 1 Om Lars Eskeland på hans 75-årsdag. Og eit par andre foredrag om ungdomsskulen og det pedagogiske prinsipp i ungdomsskulen.
23. 2 Diverse foredragsmanuskript i
A) Plan for foredrag om Vigeland.
B) Norsk Måldyrkingslag.
C) Ungdom og arbeidet.
D) Sletto og A. M. St. Arctander. Notatar og artiklar.
23. 3 Diverse foredrag II. Hallingdal – dalen og dølen.
23. 4 Diverse foredrag III. Pakke med omslag med påskrift av Lars Reinton.
23. 5 Diverse foredrag IV. Pakke med påskrift av Lars Reinton.
Boks 24
F – Aviser, bokmeldingar
24. 1 Diverse avisutklipp (Argus)
24. 2 Skrinet skal opnast om hundre år. Nokre upplysningar til fyrstelesaren av manuskriptet.
24. 3 Diverse meldingar
A) Om Dei gamle.
B) Om Lokeverket
C) Nokre lause ark, m.a. med merknad til Beowulf.
24. 4 Diverse meldingar
A) Om Broder Hans.
B) Om Røgnaldfolket.
C) Om Sanddal.
D) Reklameark om Tenaren
24. 5 Meldingar om Per-bøkene.
24. 6 Forholdet til kritikarane. Pakke med påskrift av Lars Reinton.
24. 7 Intervju med Sletto.
24. 8 Barndommens grøne dal. Ein studie i Per-bøkene av Olav Sletto. Av Vidar Bergset. Universitetet i Bergen hausten 1978.
Boks 25
F – Aviser, bokmeldingar
25. 1 Ein del planar, idear og skisser. Ordna av Lars Reinton. Strid mot kritikken som ikkje vil ha historiske romanar mm. Pakke ordna av Lars Reinton.
25. 2 Notatar, lappar om kunsten og kritikarane. Ordna av Lars Reinton. Om den siste boka, ”Dei gamle”. Mange lappar merkt ”Stabburet”. Pakke ordna Av Lars Reinton.
25. 3 Den ”kristelege” diktinga til Sletto. Handskrivne notatar av Sletto. Ikkje daterte.
25. 4 Meldingar eller notatar om fire enkeltverk. Sanndal, Upp bakke og ned dal. På høgt berg. Etterord om ”Dei gamle”.
25. 5 Meldingar. Olverbøkene. Konvolutt med påskrift av Lars Reinton.
25. 6 Teaterkritikkar og omtale av Odel og fleire.
Boks 26
G – Materiale etter Lars Reinton
26. 1 Førearbeid til Ei bok om Olav Sletto. Påskrift av Lars Reinton: ”Førearbeid til mitt kapittel om Sletto i Ei bok om Olav Sletto og mitt stykke om Olav Sletto i Årbok for Hallingdal 1968. Innlevert til Slettosamlinga i juli 1971. L.R.”
26. 2 Notat til Ei bok om Olav Sletto. Påskrift av Lars Reinton: ”Mine eigne notat og Slettos notat og anna matertiale som eg har bruka under utarbeidinga av min artikkel i Ei bok om Olav Sletto, juni 1965 – August 1966. Lars Reinton.
26. 3 Innhald i kartongane Handskrive notat med slik påskrift av Lars Reinton: ”Innhald i kartongane eg gjekk gjennom på Geilo juli 1965. L.R.”
26. 4 Oversyn over manuskript etc. Slik påskrift av Lars Reinton: ”Sett opp av Lars Reinton oktober – desember 1965. Oversyn over manuskript, utkast, planar, idear osb til bøker eller forteljingar, skodespel, romanar osb som ikkje vert trykte eller ferdig utforma av Olav Sletto. Bortimot 50 titlar.
Boks 27
G – Materiale etter Lars Reinton
27. 1 Ei bok om Olav Sletto. Maskinskrive manus. Del 1
27. 2 Ei bok om Olav Sletto. Maskinskrive manus. Del 2
27. 3 Diktargasje for Olav Sletto Notatar og korrespondanse om diktargasje.
27. 4 Viktige historiiske dokument til Olav Slettos historie. Konvolutt med påskrift av Lars Reinton:
- Ein biografi skive av han sjølv, juni 1939.
- Ei notatblokk: Notat om ein samtale med Georg Brandes og Helge Rode i Dansk forfatterforeining 1909.
- Eit notat om Sigurd Reinton som hans fremste lærar. Utdrag om notatar av Sletto på 50-årsdagen. Og or Dagtal II om bøkene: Trakk i barneskor, om Mellom eldar o.m. Og Dagtal I og II.
- Mine utdrag or dei ymse litteraturhistorier om Olav Sletto. L.R.
Boks 28
G – Materiale etter Lars Reinton
28. 1 Lars Reinton: Olav Sletto. Ein diktarbiografi. Kladd. Kladd II, skrive hausten 1965.
28. 2 Olav Slettos vita, liv og produksjon. Kronologi. Smestad. Laga 18/6 1965.
28. 3 Handskrivne notatar om Olav Sletto, kronologisk ordna.
Boks 29
H – Privat
29. 1 Eit uvedkomande manus Påskrift: Eit uvedkomande manus. Waldemar Carlsen: Terningspil. (Roman)
29. 2 Diverse kort og brev. Mellom anna frå Johs. A. Dahle, Olav Midttun, Eva, Embrik Skøro, Aase. Notat om Heidersgåva til Olav Sletto, ikkje signert. Artikkel om Eva Sletto i vekebladet Familien. Brev om tilstått forfattarstipend 1918, og om arbeidsstipend 1954-1955.
29. 3. Diverse privat Blyantteikning av Olav Sletto 1953. Medlemsbrev frå forfattarforeininga. Kunngjering om kommunal æresløn 1949. Brev frå Baby Johannessen 1957. Påskift privat. Inneheld oversikt over husleigeutgifter.
Boks 30
Einar Tufte sitt notat om mor han si fortelling om kven som er far til Olav Sletto.