Nyhende

Strålande avduking i Sletto

024

I strålande sommarvêr vart minnetavla for Olav Sletto avduka i Sletto i Hol, der Olav Sletto vart født 21. juni 1886. Det var Arne Skogheim, tidlegare leiar for Olav Sletto-selskapet, og Barbro Aasen, eigar av Sletto, som foretok sjølve avdukinga sundag 19. juni 2016.

Ordførar i Hol, Petter Rukke, helsa fra kommunen og overrekte den ferske samarbeidsavtala mellom kommunen og Olav Sletto-selskapet. Bjørn Seim, nevø av nylig avlidne Knut V. Seim, overrekte på vegne av onkelen sin det 12. bindet av Norsk Ordbok, som Knut V. Seim ga til selskapet like før han døydde. Eva Almhjell las opp takkebrevet som Olav Sletto skreiv til Birgit og Tor Sletto, dåverande eigarar av Sletto, etter eit besøk på garden i 1952.

25 hadde funne vegen til Sletto og fekk ei fin stund med hyggeleg kaffisvall etter den formelle delen.

Ordførar Petter Rukke og Eva Almhjell med den nye avtala.

Takk for Norsk Ordbok!

Alle foto: Margarethe L’orange

Les meir

130 år sidan Olav Sletto vart født – avduking av minnetavle i Sletto

L1110961

Medlemmer i Olav Sletto-selskapet og andre er hjarteleg velkomen til Sletto, sundag 19. juni 2016 kl. 17-18. Især ynskjer vi velkomen elevar som har arbeidd med Olav Sletto-stoff i Den kulturelle skolesekken i Hol og Leveld.  Det blir avduka ei minnetavle på denne garden, der Olav Sletto vart født for 130 år sidan (1886).  Her sat han skreiv debutboka si ”Dei gamle”, som hausta stor fagnad (1908).  Sidan vart det 43 bøker til.  Dei best kjente er Per-bøkene og ”Soga um Røgnaldfolket”, med handlingar lagt til heimbygda, og med mange kjennelege trekk frå forfattaren sjølv i hovudkarakterane, småguten Per og presten Silju. Etter mange år utanfor bygda, kom Olav og Karin Sletto heim i 1946, det året mor til Sletto, Anne, døydde.  Dei flytta inn i huset i Timbrehaugen og budde der heilt til dei kom på gamleheimen på Geilo mot slutten av 1950-talet.  Der døydde Olav Sletto i 1961, ho eit par år etter.

Ordførar Petter Rukke vil halde dagens tale.  Det har i alle år vore eit nært og godt uformelt samarbeid mellom Hol  kommune, som eig Olav Sletto-arkivet, og Olav Sletto-selskapet, men det har også lenge vore eit sams ynskje å formalisere samarbeidet.  Og no er ei avtale endeleg underteikna.  Tidlegare leiar i Olav Sletto-selskapet, Arne Skogheim, og Sletto-eigar Barbro Aasen, vil foreta avdukinga av minnetavla over Olav Sletto. Styremedlem Margarethe L’orange har stått for utforminga av tavla, Hallingdal Trykk for trykkinga og styremedlem Odd Olveisgard for monteringa av tavla i Sletto, slik Barbro Aasen har bestemt.

Knut V. Seim ga i 2012 Norsk Leksikon i gave til Olav Sletto-selskapet.  Det siste bindet kom i mars 2016 og Knut skulle overrekt dette i Sletto 19. juni 2016.  Diverre fall han burt før 130-års-markeringa.  Bjørn Seim vil difor overrekkje siste bindet på vegne av onkelen sin. Leiar i Olav Sletto-selskapet, Eva Almhjell er programleiar, og vil også lesa ei  helsing som Olav Sletto skreiv til Tor og Birgit Sletto etter eit besøk på garden i 1952.  Det skulle vise seg å bli det siste besøket forfattaren gjorde i Sletto.

Og etterpå blir det  god tid til svall og kaffe/brus med noko attåt.

Foto: Sletto, med Hallingskarvet, som betydde så mykje for Olav Sletto, mot vest, mai 2016. Foto: Eva Almhjell.

 

 

Les meir

Mastergrad om Olav Slettos LOKE

Eva-Charlotte Mørk: Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos bøker om Loke, NTNU, V-2016

Eva-Charlotte Mørk har levert si masteroppgave i nordisk litteratur ved NTNU i Trondheim.  Ho tek mastergraden på Olav Slettos fire bøker om LOKE (Loke 1915, Millom eldar 1917, Skyming 1918 og Domen 1916).  Bøkene handlar om Loke, ei blanding av jotne, gud og menneskje, sitt jag mot det guddommelege i seg – ein prosess der Loke tek alle maktas virkemiddel i bruk.  Sletto har brukt mange kjelder, m.a. psykoanalyse, og norrøn og bibelsk mytologi.  I avhandlinga diskuterer ho mytologiens rolle som prefigurasjon i Loke-serien.  Begrepet prefigurasjon er utvikla av litteraturteoretikaren John J. White.  Det handlar om å forstå den aktuelle teksten med bakgrunn i det stoffet lesaren alt kjenner frå dei tidlegare forelegga, som t.d. Edda og Bibelen.  Eva-Charlotte Mørk meiner ho har hatt stor nytte av å jobbe med Loke-bøkene for sitt framtidige yrke som norsklektor, men ho tenkjer at bøkene er for vanskelege som undervisningsunderlag  for elevar,  både på ungdomstrinnet og i den vidaregående skulen.  Ikkje berre er innhald og form komplisert. Olav Slettos språk er  også svært krevande.  Avhandlinga kallar ho «Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos bøker om Loke».  Den er publisert under «Katalog»  i venstremenyen, boks 1, mappe 1.2.,  og ligg i lenka nedanfor.  Eva-Charlotte Mørk er, så vidt vi veit, den fyrste som skriv ei avhandling om Loke-serien.

EVA-C. MØRKS MASTEROPPGAVE mai 2016 – A4

Les meir

Per Gjetar til Leveld skule

bilde

No har Per Gjetar vore på besøk hjå elevar på 4. klassetrinn ved Leveld skule.  Der trivdes hovudpersonane i boka, Per og Hølgi, godt og kjende seg meir enn velkomne blant ungane i Leveld.  Fleire av dei har røynsler frå stølslivet sjølve, og syns det var moro høyre korleis gutane i Olav Slettos fortelling hadde det på stølen for meir enn hundre år sidan.  Fisketuren var spennande! Og fisk fekk dei, Per og Hølgi, og tjuvfiskarane jaga dei til bygdars att!  Besøket ved Leveld skule var basert på eit opplegg som Olav Sletto-selskapet (Maria Søndrål) og Hol kommune har utarbeidd for Den kulturelle skolesekken i Hol, og som har vore i bruk der eit års tid.  No sprer det seg til skular utanfor Hol, og Olav Sletto-selskapet vonar Leveld berre er fyrste skule som veit å nytte seg av dette spennande tilbodet i Hallingdal. Opplegget er enkelt å ta i bruk, seier Maria Søndrål, som er Olav Sletto-selskapets utsendte til Den kulturelle skulesekken – fylt med Olav Sletto og Per Gjetar.  Olav Sletto er Hallingdals store forfattar og dei fire bøkene han skreiv om Per er kulturhistorie sett frå barns ståstad.  Bøkene kan lånast på biblioteket og heiter Per Spegil, Per Sjøl, Per Stavlang (Per Gjetar er ei nedkorta utgave av denne boka) og Per Spelmann.

Bildet viser elevar i 4. klasse ved Leveld skule med boka Per Gjetar, som dei fekk arbeide med i Den kulturelle skolesekken.
Foto: Arvid Bjørke

Les meir

Årsmøtet 2016

L1110901

vart greit gjennomført fredag 1.april på Vika velferdssenter i Hol med 18 medlemmer rundt bordet. Ingen hadde motsegn til endring av vedtektenes §9, slik at årsmøte heretter vel leiar og styremedlemmer, mens  styret ellers konstituerer seg sjølv. Det vil gi større fleksibilitet i arbeidsdelinga styremedlemmene i mellom. Mangeårig varamedlem Eli Sælid takka for seg.  Olav Sletto-selskapet takkar henne for trufast tenest gjennom mange år, og ynskte dei to nye varamedlemmeer til styret, Inger Grostølen og Per Lilleslett, velkomne. Ellers vart styresamansetjinga som før. Ola Ruud overtek som kasserar med uformell tilknyting til styret, og  held fram som rekneskapsførar.  Sjå protokollen frå årsmøtet i lenka under.  Den blir også å finne under emnepunktet Styret/Årsmøter.

Etter dei formelle årsmøtesakene bad styret inn til open kveld.  Seks  interesserte tilhøyrarar slutta seg til årsmøtedeltakarane for å høyre Arne Horge, hovslagar og skribent frå Rukkedalen, dela med oss sin innsikt i Olav Sletto som språkleg skattekiste, med PER-bøkene som døme. Det vart ei oppleving. Livfullt og engasjert las Arne Horge utvalde avsnitt av dei fire bøkene.  Ingen skodespelar kunne gjort dette betre. Takk for ei fin stund!

Tekst: Margarethe L’orange

Protokoll OSS årsmøte 2016

Foredragshaldar Arne Horge (t.h.) og nyvalt varamedlem i Olav Sletto-selskapet, Per Lilleslett, under årsmøtet i Olav Sletto-selskapet 1.4.2016. Foto: Eva Almhjell

Les meir

Anne Sletto i Ramnes

L1110912

Det var fulle stover på Brår Bygdetun onsdag 13. april 2016 då Eva Almhjell tala om «Anne Sletto – eit kvinneportrett».  Meir enn 30 medlemmer av Ramnes historielag vart nysgjerrige på tenestjenta frå fjellbygda Hol.  Anne var i Våle og Holmestrand, grannelaget til Ramnes, eit par tiår av si ungdomstid.  Fleire merka seg at også dei småe har eit liv det er vel verdt å skrive om, og gjorde seg tankar om å skrive si eiga historie, eller fortellingar om sine formødre.  Det er utruleg at ein kan finne så mykje spennande om ei som av mange vart oppfatta som nederst på den sosiale rangstigen, vart det sagt.  Bra at ho klarte bevare si verdigheit, trass all skam andre påførte henne, som ingen rett hadde til det.  Mykje stoff til ettertanke!

Bildet over viser leiar i Ramnes historielag, Kåre Holtung.
Foto: Eva Almhjell

Eva Almhjell foredrag i Ramnes historielag 13.4.2016. Foto: Trygve Gran

Les meir

DKS-bidrag til Årsheftet 2016

L1110897

I Den kulturelle skolesekken (DKS) i Hol arbeider ein med Olav Sletto-stoff.  Det set Olav Sletto-selskapet stor pris på, og onsdag 30. mars 2016 var leiaren, Eva Almhjell, på besøk med ei overrasking til elevar i 4. og 5. klasse ved Hallingskarvet skole i Hol.  Nokre av teikningane og fortellingane frå boka Per Gjetar er nemleg tatt inn i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2016, og kvar elev fekk sitt eige årshefte til odel og eige.  Det var stas!  Det er Maria Søndrål som står for undervisninga om Olav Sletto og diktinga hans i DKS. Ho er også med i Olav Sletto-selskapets styre. I år er det 130 år sidan Olav Sletto vart født.  Tusen takk til Hol kommune, lærar og elevar i DKS for å gå inn i den fine stemninga han diktar fram og for å auke kunnskapen om Hallingdals store forfattar, Olav Sletto.

Bilde over: Framme står Ida (heilt t.h. og Ebba t.v. for henne)  som har teikna og fortalt i Årsheftet 2016.  Bak t.v. DKS-lærar Maria Søndrål.  Foto: Eva Almhjell.

Elevar i 4. og 5. klasse ved Hallingskarvet skole i Hol arbeider med Olav Slettos dikting i Den kulturelle skolesekken. Foto: Eva Almhjell

Les meir

GOD PÅSKE!

Sletto---vinter.-Svart-kvit

Påska står for døra, enten ho blir feira til fjells eller ved sjøen.  Olav Sletto-selskapets styre ynskjer gamle og nye medlemmer flotte påskedagar, og minner dei som enno gler seg til å betala medlemskontingenten  om å rydde litt dårleg samvet unda før høgtida.
Kr. 200 til konto 2333 22 62998 , Olav Sletto-selskapet, v/Ola Ruud, 3577 Hovet,   med namnet ditt i merknadsfelteet.  Tusen takk skal de ha!

Bilde: Vinter i Sletto. Foto: Hans-Petter Hvile.

Les meir

Årsmøte 2016 med Arne Horge

L1110674

Fredag 1. april 2016 kl. 18 held Olav Sletto-selskapet årsmøte på Vika velferdssenter i Hol. Til årsmøtesakene høyrer eit forslag til endring av §9 i vedtektene. Styret la i 2015 fram forslag om at årsmøtet vel styre og styreleiar, men at styret ellers konstituerer seg sjølv. Dette ville gi større fleksibilitet i den daglege drifta, noko styret har fått røyne i 2015, og som styrkar forslaget til vedtekstendring.  Ellers er det vanlege årsmøtesaker.  Saker til årsmøtet må vera styret i hende innan 22. mars 2016.  Kl. 19 startar den opne delen av årsmøtet.  Arne Horge, hovslagar og skribent frå Rukkedalen, talar om temaet «Olav Sletto som språkleg skattekiste, med PER-bøkene som døme». Mange har alt betalt medlemspengane for 2016, men fleire kan enno glede seg til å betala kr. 200 til Olav Sletto-selskapet v/Ola Ruud, 3577 Hovet, konto 2333 22 62998.  Hjartans velkomne!
Bildet: Arne Horge (t.h.) under Bokmessa 2015 på Ål. Foto: Eva Almhjell.

Bet.giro m årsplan – 2016

Les meir

Med Anne Sletto i Tønsberg

L1110881

Familien Sletto sto i sentrum då Litterær Salong i Tønsberg held si andre samling på erverdige Villa Møllebakken.  Ragnar Ytrehus, leiar i Alf Larsens litterære selskap innleidde med «Soga om Alf Larsen og Olav Sletto», venskapen mellom dei to åndsfrendane Sletto og Larsen.  Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, tala om Anne Sletto (1867-1946), Olav Slettos mor, og ei spennande dame som var tenestjente i Vestfold i 15-20 år, før ho vende heim att til Hol (Geilo).  Meir enn 30 folk trassa vått snøslaps ute og fekk eit par timars samver med mor og son Sletto i tider langt frå dagens tilhøve.  Mange kjøpte bøker.  Dei gledde seg til å lesa meir om to dei knapt hadde høyrt om tidlegare.  Og eit par tok med seg bøkene om Anne Sletto og Per Gjetar for å supplere Sletto-samlinga i heimen!  Ytrehus si tale er trykt i KULT – Vestfolds ledende kulturtidsskrift, nr. 1/2016, og vil koma som artikkel i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2017.  Det var nystarta Litterær Salong i Tønsberg som var arrangør. Salong-samlingane vil finne stad ei gong i månaden, fortel to av initiativtakarane, Maria Szacinski og Ragnar Ytrehus.
Forsidebilde: F.v. Ragnar Ytrehus, Maria Szasinski og Eva Almhjell. Foto: Kjersti Fønhus.

Litterær Salong i Tønsberg, 2. mars 2016. Foto: Eva Almhjell

Les meir