No har Per Gjetar vore på besøk hjå elevar på 4. klassetrinn ved Leveld skule. Der trivdes hovudpersonane i boka, Per og Hølgi, godt og kjende seg meir enn velkomne blant ungane i Leveld. Fleire av dei har røynsler frå stølslivet sjølve, og syns det var moro høyre korleis gutane i Olav Slettos fortelling hadde det på stølen for meir enn hundre år sidan. Fisketuren var spennande! Og fisk fekk dei, Per og Hølgi, og tjuvfiskarane jaga dei til bygdars att! Besøket ved Leveld skule var basert på eit opplegg som Olav Sletto-selskapet (Maria Søndrål) og Hol kommune har utarbeidd for Den kulturelle skolesekken i Hol, og som har vore i bruk der eit års tid. No sprer det seg til skular utanfor Hol, og Olav Sletto-selskapet vonar Leveld berre er fyrste skule som veit å nytte seg av dette spennande tilbodet i Hallingdal. Opplegget er enkelt å ta i bruk, seier Maria Søndrål, som er Olav Sletto-selskapets utsendte til Den kulturelle skulesekken – fylt med Olav Sletto og Per Gjetar. Olav Sletto er Hallingdals store forfattar og dei fire bøkene han skreiv om Per er kulturhistorie sett frå barns ståstad. Bøkene kan lånast på biblioteket og heiter Per Spegil, Per Sjøl, Per Stavlang (Per Gjetar er ei nedkorta utgave av denne boka) og Per Spelmann.
Bildet viser elevar i 4. klasse ved Leveld skule med boka Per Gjetar, som dei fekk arbeide med i Den kulturelle skolesekken.
Foto: Arvid Bjørke