Hurra for årets store 17. mai-jubileum 1814-2014.
Gratulerer, Olav Sletto-selskapet sine medlemmer og alle andre.
Foto: Privat
Hurra for årets store 17. mai-jubileum 1814-2014.
Gratulerer, Olav Sletto-selskapet sine medlemmer og alle andre.
Foto: Privat
Olav
Sletto-selskapet ynskjer alle medlemer velkomne til årsmøte på Vika Velferdssenter i Hol, laurdag 21. juni 2014, kl. 11 inntil kl. 1400. For den som ikkje er kjent, ligg velferdssenteret på same side av FV 50 som den vakre, gamle kyrkja, eit par hundre meter lenger vest.
Etter årsmøtesakene, foredreg dr.philos. Kari Telste, Norsk Folkemuseum, om tenestjentene si historie, med spesiell vekt på jenter frå Hallingdal.
Vi kan takke Hovet Bygdekvinnelag for lunsjen vi serverer, og det blir som vanleg åresal og noko attåt.
Innspel til innkallinga må vera styret i hende innan 31. mai. Velkomne med innspel!
Olav Sletto-selskapet ynskjer alle medlemer og andre ei strålande påske – til fjells eller ved sjøen!
Det kan ellers meldast om travle tider: Forteljinga om Anne Jensdotter Sletto er inne i sluttfasen. Gode innspel frå styret og andre har vore til stor nytte, no siste versjonen er under arbeid. Og folk tek til å bli nysgjerrige på mor til Olav Sletto. Og på Per Gjetar.
Fredag 25. april 2014 er vi eksempelvis i Hemsedal og snakkar for vaksne om Anne. Laurdag 26. april startar dagen med samtaler og lesing for ungar i Hemsedal frå Per Gjetar. Begge møta finn stad i Hemsedal bibliotek kl. 19 fredag og laurdag kl. 11. Laurdag utpå dagen er det møte for vaksne i Gol med same tema som i Hemsedal. Stad: Gol bibliotek kl. 14. Det er Trøll i ord som arrangerar møta.
«Ungane likar å høyre frå stølen i gamle dagar,» seier Eva Almhjell i Olav Sletto-selskapet. Ho las og fortalde frå boka PER GJETAR for skuleungar og barnehagebarn i Hovet måndag 10. mars. «Dei lyttar, og kjem på mange opplevingar dei har hatt i fjellet sjølve, som dei gjerne deler med seg, medan eg les. Slik blir fortellinga frå Olav Sletto si bok Per Stavlang, som boka Per Gjetar er basert på, til spennande samtaler.» Utdrag frå boka vart lese og fortald under heidringa av bygdas formødre i 8. mars-helga.
Det var ellers ei helg med fokus på fortida lokalt laurdag 8. mars. Der møtte bygdekvinner og anna folk opp frå både Skurdalen, Geilo, Hol og alle delar av Hovet
og Sudndalen – omkring 70 i alt. Utstillinga av tølu, kleu, bøkar og mykje meir, ga eit godt bilde av kvinnebonden og andre bygdekvinner sin kvardag i gamle dagar.
Sundag vende vi blikket utover. Då viste vi filmen «Den grønne sykkelen» for omkring 15 frammøtte. Handlinga er frå dagens Saudi-Arabia, der 11-årige Wadjda spekulerer på korleis ho skal greie skaffe seg ein grøn sykkel ho har sett, og som ho ynskjer seg over alt på jord. Den prisløna filmen er realistisk i skildringa av dagens undertrykkande styreformer og normer kva gjeld jenter og kvinner, men full av håp for framtida for Wadjda. Ho fekk hjelp av mor si, til slutt, den grøne sykkelen vart hennar og ho kunne kappsykle med venen Abdullah. Filmen sluttar med at ho syklar frå han og ropar lukkeleg: Ta meg att om du kan! I dette utropet ligg vona om ei friare framtid for Wadjda og hennar medsystre. Etterpå vart det spørsmål, kommentarar og diskusjon om temaet i filmen: Livet for jenter og kvinner i eit land med ein einevaldig konge, ei styreform vi hadde her på slutten av dansketida, og som er kalla einevaldstida (ca 1660-1814). I diskusjonen minna vi kvarandre om at endring tar tid, og at det ofte er lettare å sjå det urettvise og undertrykkande hjå andre enn hjå oss sjølve.
Hovet Bygdekvinnelag er 75 år i år, og markerte jubileet med dette arrangementet. Her kan du sjå bilder frå 8.-mars-helga i Hovet:
A-biletmontasje GOMMOhelg
Per Gjetar – også for dei gamle
Også eldre folk kan nyte godt av interessante foredrag om Olav Sletto og livet til gjetlegutane Per og Hølgi. Styremedlem i Olav Sletto-selskapet, Grethe Larsgard Rudningen, har vore i Ål eldrelag og treft mange eldre som gleda seg over fortellingar som kallar fram minner frå eiga gjætletid. Grethe fortel og les gjerne for fleire eldrelag. Kontaktadresse: gretherudningen@gmail.com
Fotos: Eva Almhjell
8. mars heidrar vi formødrene våre på Fjellheim i Hovet. Gommo, bestemor, farmor, mormor eller kva vi kallar eit kjært menneske, var ikkje så synleg i det offentlege livet, men ho bidrog til utviklinga både i heimen og bygda på sin måte. Vi viser glimt frå gommo sitt liv i bildu (nokre av gommo sine tølu/reidskap, kleu, smykker mm. i utstilling), sang og foredrag. Hol bygdearkiv har hjelpt med mange flotte bilder frå gommolivet i bygda!
9. mars dreg vi ut i verda, til Saudi-Arabia, og ser korleis jenter og kvinner har det der – i dag. I den prisløna filmen «Den grønne sykkelen» (2013) blir vi kjent med ei jente som gjerne vil ha sin eigen sykkel, men jenter får ikkje lov å sykle der ho veks opp. Sjå korleis det endar!
Det er Hovet Bygdekvinnelag som arrangerer og ynskjer velkomen til Fjellheim (vis a vis Hovet skole) kl. 1800 laurdag og sundag.
Det er gratis inngang begge dagar, og slik er programmet:
Laurdag 8. mars:
Kl. 1800: Opning av utstilling GOMMO.
Kl. 1900: Kulturkveld – Kvinnfolk i arbeid og kvardag
– Bilder frå Hol bygdearkiv
– Kvinnfolk og musikk (kveding og spel v/Jorun Grøgård)
– Kvinnfolk på stølen (historiu og bildu v/budeie Brit Kaupang)
Mat, drikke, god tid til svall. Og du kan bidra med lokal kvinnehistorie!
Loddsal.
Sundag 9. mars:
Kl. 1700: Open utstilling GOMMO.
Kl. 1800: Vi viser filmen DEN GRØNNE SYKKELEN.
Gratis begge dagar.
Måndag 10. mars
er utstillinga open for barnehage og skule. Då vil Eva Almhjell fortelja om ein spennande fisketur, henta frå boka PER GJETAR – ei bok basert på Olav Slettos «Per Stavlang».
Dette er eit arrangement i Olav Sletto-selskapet si ånd, og vi oppmodar våre medlemer
til å ta seg ein tur til Hovet 8. og 9. mars.
Foto: Privat
..som er kr. 200 til konto 2333 22 62998. Minner om namn og e-adresse i meldingsfeltet.
Mars står for døra. Dagen har vorte meir enn fire timar lenger enn ved juletider, og framleis kan mange glede seg til å betala medlemspengane i Olav Sletto-selskapet for 2014. Det er god plass til kr. 200 frå kvar av dykk på konto 2333 22 62998. Tusen takk!
Ellers kan vi fortelja at artikkelen om Anne Jensdotter Sletto, mor til Olav Sletto, no er i sluttfasen. Den blir publisert i Årshefte 2014, saman med ein artikkel av professor Jørn Øyrehagen Sunde om den rettshistoriske utviklinga for lause kvinner og lause ungar i Norge. Artikkelen er basert på det forvitnelege foredraget Sunde held i oktober 2013 i Hol.
Foto: Privat
Tidlegare styreleiar gjenom 11 år, Arne Skogheim, Hol, og styremedlem i same perioden, Kåre Olav Solhjell, Gol, er heidra med Kulturprisen 2013 i sildenafil não faz efeito høvesvis Hol og Gol kommunar. Dei har begge gjort ein stor og grunnleggjande innsats for å få etablert og drive Olav Sletto-selskapet frå starten i 2001. Begge har arbeidd målretta
med å styrka interessa for Olav Sletto sitt forfattarskap. Olav tadalafil side effects hypotension Sletto-selskapet gler seg saman med og gratulerer dei to bautaene i Olav Sletto-selskapet med kvar sin kulturpris.
http://clomidgeneric-pharmacy.net/
Eit aktivt år i Olav Sletto-selskapet er ved å ta kvelden. Forutan fem styremøter og tre medlemsbrev, har vi hatt gleda av å høyre Arild Mikkelsen tala om forholdet mellom Alf Larsen og Olav Sletto i årsmøtet 2013, og nyte professor Jørn Øyrehagen Sunde som forelesar om temaet «Den rettshistoriske utviklinga for lause ungar og lause kvinner i Norge». Det var eit foredrag med skakande innhald som det går gjetord om.
Vi har gitt ut boka PER GJETAR, lansert henne og deltatt på Bokmessa 2013 med skodespel og opplesing. Aktørar og sponsorar er hjarteleg takka! seier styreleiar Eva Almhjell.
Det nye året byr på meir spennande: Øyrehagen Sunde har lova å koma attende til oss! Og Anne Jensdoter Sletto, mor til Olav Sletto, veks fram som ei sterk og fargerik kvinne i artikkelen som Eva Almhjell arbeider med. Den kjem i Årsheftet 2014.
Styret er takksam for alle som støttar Olav Sletto-selskapet, som sponsorar og som medlemer, og byr nye medlemer meir enn velkomne. Vi ynskjer alle ei varm og trivelen jul og eit nytt år med von om fred i det vesle og i det store.
Minner om medlemskontingenten for 2014: Kr. 200. Kontingentgiro 2014 m årsplan
Mot lysare tider Foto: Eva Almhjell
Det framheva bildet er frå kyst-Vestfold, det landskapet som Karin Sletto (f. Bryde) vaks opp i. Foto: Eva Almhjell
Per Gjetar, Olav Sletto-selskapet si ferske, rikt illustrerte barnebok, var med på Bokmessa på Ål, laurdag 23.11.2013. Fortellingane i boka er henta frå Olav Sletto si bok «Per Stavlang», som er den tredje i serien på fire Per-bøker. Per er på stølen saman med budeia han kallar Storedundra, og Hølgi, den skøyeraktige jamnaldringen, er på grannestølen. Desse to har mykje moro saman, og det hadde dei også då dei presenterte boka på Ål.
Sjå bilder frå Bokmessa her: Biletminne_Per Gjetar på Bokmesse 23.11.2013
Boka har fått god omtale i Hallingdølen. Les Gudrun Bøthun si bokmelding av Per Gjetar her: Gudrun Bøthun, bokm.Per, HD, 23.11.13
Foto: Privat.
Olav Sletto-selskapet har hatt ein aktiv haust, sist med laneringa av PER GJETAR, og har planar for fleire
aktivitetar framover. Brevet blir sendt i posten til dei medlemmene som ikkje har e-adresse.
Les heile brevet her: Medlemsbrev nr. 3 – 2013