Bergen offentlege bibliotek var staden for ei storhending innan munnleg historie 17. februar 2018. Då gjekk den fyrste Memoarkonferansen av stabelen. Meir enn 60 folk frå akademia og frå frivillige organisasjoner var der for å dele røynsler og samla seg til felles innsats for å få til ein beredskapsplan for umiddelbar historie-forteljing ved store hendingar i Norge (eks. 22. juli 2011) spesielt, og for å få merksemd om den munnlege fortellinga som viktig historisk dokumentasjon.
Memoar vart stifta i Bergen i 2015. Initiativtakaren var Bjørn Enes, som også er leiar i Memoar. Han framheva at målet er å byggje ein landsfemnande organisasjon for munnleg historie, for forteljingar frå vanlege folks kvardagsliv. Alle var samde om at dei små stemmene skal høyrast. Historier sett nedanfrå skal forteljast, for dei er politiske. Enkeltindivida sine forteljingar dannar tilsaman ein kvalitativ heilskap som trengs for å komplettere offentleg norsk historie, vart det sagt.
Framsidebildet viser f.v. Malin Thor Tureby, prof. ved Linkøping universitet, Bjørn Enes, leiar Memoar, Ingar Kaldal, prof. NTNU, Bjørn André Widvey, Skeivt Arkiv, Stig Tenold, prof. NH, Maja Gudim Burheim, 22. juli-senteret og Audun Kjus, Folkemuseet. Foto: E. Almhjell.
Olav Sletto-selskapet var der med leiar Eva Almhjell. Ho fann konfaransen sers nyttig og oppmodar lokalradioar, lokale bibliotek, historielag og andre frivillige organisasjoner med interesse for, enn si samlingar av, munnleg historisk stoff å gjera seg kjent med Memoar sitt arbeid. Memoar hjelper til med å fortelja, å samla og bevare munnleg stoff. Dei driv kursverksemd, låner ut utstyr for opptak, og arbeider for at offentlege arkiv skal ta imot munnleg historie. Dei har – inntil vidare – etablert eit arkiv i nettskya, der folk som er med kan dele plass. Sjå www.Memoar.no
Memoar er open for alle som vil vera med som medlemmer. Årskontingent kr. 200.
Arrangørar i Bergen var: Memoar, Bergen Offentlege Bibliotek, Bergen Byarkiv og Universitetet i Bergen/Kulturvitskap.
Turen over fjellet gjekk med tog. I januar-februar 1915 gjorde Olav Sletto ei taleferd i Hallingdal og Hardanger. Han brukte også tog på turen Kristiania – Voss – Kristiania. På Gjeilo st. steig han av 30. januar 1915. Mor hans var der og møtte han. Ho spanderte opphaldet på Holms Hotell på sonen sin. Om kvelden førde stortalaren Olav Sletto mor si til sætes på fyrste benken. Han tala for stappfull festsal i Holms hotell. Det var truleg fyrste gongen han snakka med mor si. Meir om denne taleferda i Årshefte for Olav Sletto-selskapet 2018.