Professor Jørn Øyrehagen Sunde ved Universitetet i Bergen tala under Olav Sletto-dagen 2017 om Olav Sletto. Han kalla foredraget sitt «Internasjonal og moderne, lokal og tradisjonalist – talaren Olav Sletto». Sletto var ein framragande talar. Han lærte seg talen utanboks og brukte aldri manus. Slutten var alltid open. Den laga han i samspel med publikum. Talane var bygde opp som eit stykke norsk folkemusikk. Talen var eit kunstverk. Øyrehagen Sunde er sjølv prisløna talar. I lydfila høyrer vi stortalaren Jørn Øyrehagen Sunde tala om stortalaren Olav Sletto. Lydopptaket er gjort av Radio Hallingdal og gitt att med løyve derifrå, og frå Jørn Øyrehagen Sunde.
Lydfila finn du her, og den ligg under lydfil i venstre margen.