Det var fulle stover på Brår Bygdetun onsdag 13. april 2016 då Eva Almhjell tala om «Anne Sletto – eit kvinneportrett». Meir enn 30 medlemmer av Ramnes historielag vart nysgjerrige på tenestjenta frå fjellbygda Hol. Anne var i Våle og Holmestrand, grannelaget til Ramnes, eit par tiår av si ungdomstid. Fleire merka seg at også dei småe har eit liv det er vel verdt å skrive om, og gjorde seg tankar om å skrive si eiga historie, eller fortellingar om sine formødre. Det er utruleg at ein kan finne så mykje spennande om ei som av mange vart oppfatta som nederst på den sosiale rangstigen, vart det sagt. Bra at ho klarte bevare si verdigheit, trass all skam andre påførte henne, som ingen rett hadde til det. Mykje stoff til ettertanke!
Bildet over viser leiar i Ramnes historielag, Kåre Holtung.
Foto: Eva Almhjell