Sola har snudd, dagane blir litt lengre og lysare – vi er over i eit flunkande nytt år med mange spennande arbeidsoppgaver på Olav Sletto-selskapets årsplan. Gledeleg er det at unge forskarar syner interesse for Olav Slettos forfattarskap. Styret gler seg til å bidra i forskinga, og arbeide med å realisere visjonar og konkrete oppgaver – saman med dykk som medlemmer. Me ynskjer med dette godt nytt år.
Minner om årsmøtet på Vika velfredssenter 1. april kl. 18. Hovslagar og skribent Arne Horge vil kåsere om temaet «Olav Sletto som språkleg skattekiste – med PER-bøkene som døme».
Nytt år betyr også ei påminning om å betala medlemskontingenten for 2016, som er uendra kr. 200.- til konto 2333 22 62998. Minner også om at du skriv namnet ditt i meldingsfeltet. Medlemskontingenten er grunnstammen i selskapet sin økonomi, og gir rammene for handlingsrommet i 2016. TUSEN TAKK FOR AT DE ER MED!
Foto: Eva Almhjell – utsyn frå Simlenutane