Eit aktivt år i Olav Sletto-selskapet er ved å ta kvelden. Forutan fem styremøter og tre medlemsbrev, har vi hatt gleda av å høyre Arild Mikkelsen tala om forholdet mellom Alf Larsen og Olav Sletto i årsmøtet 2013, og nyte professor Jørn Øyrehagen Sunde som forelesar om temaet «Den rettshistoriske utviklinga for lause ungar og lause kvinner i Norge». Det var eit foredrag med skakande innhald som det går gjetord om.
Vi har gitt ut boka PER GJETAR, lansert henne og deltatt på Bokmessa 2013 med skodespel og opplesing. Aktørar og sponsorar er hjarteleg takka! seier styreleiar Eva Almhjell.
Det nye året byr på meir spennande: Øyrehagen Sunde har lova å koma attende til oss! Og Anne Jensdoter Sletto, mor til Olav Sletto, veks fram som ei sterk og fargerik kvinne i artikkelen som Eva Almhjell arbeider med. Den kjem i Årsheftet 2014.
Styret er takksam for alle som støttar Olav Sletto-selskapet, som sponsorar og som medlemer, og byr nye medlemer meir enn velkomne. Vi ynskjer alle ei varm og trivelen jul og eit nytt år med von om fred i det vesle og i det store.
Minner om medlemskontingenten for 2014: Kr. 200. Kontingentgiro 2014 m årsplan
Mot lysare tider Foto: Eva Almhjell
Det framheva bildet er frå kyst-Vestfold, det landskapet som Karin Sletto (f. Bryde) vaks opp i. Foto: Eva Almhjell