- Då Olav Sletto-selskapet sa ja til bokprosjektet i årsmøtet 2011, tenkte eg vi kunne sikte oss inn på lansering til bokmessa same året, seier Eva Almhjell smilande, men det var vel optimistisk! Eva Almhjell overtok som styreleiar etter Arne Skogheim, som støtta bokprosjektet frå fyrste stund. Ho har redigert utdraga til boka og vore pådrivar i arbeidet med å lage ei illustrert barnebok av Olav Slettos bok Per Stavlang frå 1941. Boka er den tredje i Per-serien på i alt fire bøker. – Vi vil gjerne nå nye generasjonar med Olav Sletto sine fortellingar frå eigen oppvekst, men vi trur også besteforeldre og mange andre vil ha stor glede av denne vakre boka, seier Almhjell. Det er Anne Mari Gretteberg Gjerstad som er meister for illustrasjonane. Dei høver godt til dei spennande opplevingane som gutane Per og Hølji har som gjetargutar i fjellet i gamle dagar. – Dette er årets julegavebok for liten og stor i fjellbygdene, seier Eva Almhjell, som byr på fleire overraskingar under lanseringa.
Medlemmer og sponsorar er spesielt velkomne, seier Eva Almhjell, som takkar dei som til no har støtta bokprosjektet økonomisk: Hol Sparebank, Hol Mållag, Busk-Mål AS, SparebankStiftelsen Hallingdal og Buskerud Mållag.
Velkommen til bokhandelen på Ål kl. 12, laurdag 26. oktober.