Olav Sletto-dagen 2019 svinga seg inn i historia med humor og vemod i tekst og tonar. Professor Arne Bugge Amundsen og fjellbonde Olav Randen tok oss med på ei morosam og interessant reise knytt til temaet «Fjellbonden som nasjonsbyggjar», ei fortelling om kvifor fjellbonden vart nasjonsbyggjar i Norge under nasjonalromantikken på 1800-talet. Ein måtte få merksemda vekk frå sjøen som batt oss til omverda, og då var det rimeleg vende blikket mot landet innafor, og mot fjellbonden, slik nasjonsbyggjarar som historikarane Sars, Munch, Koht mfl. såg det.

Fjellbonden i Hol var ei stolt folkeferd, den gongen som no, med ein viktig funksjon i eit samfunn under klimapress, med optimal nytting av ressursgrunnlaget i bygd og fjell, og produksjon av kortreist mat.

Stein Torleif Bjella fekk opp humringa i salen med sine dikt om den jordsjuke frå Jordsjukeantologi I, og tårene sto i augo på fleire då Tove Bøygard (tonesettar på gitar) og Hege Rimestad (fele) urframførte dikt av Eva Almhjell, som var inspirert av Olav og Karin Slettos liv og samliv.

Almhjell tok i sitt foredrag utgangspunkt i Stein Rokkans begrep sentrum-periferi-spenningar og motkultur som den dynamiske drivaren i denne spenninga. Rokkan brukte dei i sine analyser av maktforhold – i Norge og mange andre land.  Ho drøfta Olav Sletto som motkulturell målmann, folkehøgskule-lærar, -rektor og diktar i spennet mellom periferi og sentrum.

Foredraget er publisert under TALEFERDARTIKLAR og LITTERATUR (sjå i venstre margen).

Almhjell sto også for programleiinga i kjellaren i Leveld Kunstnartun, der ein effektiv dugnadsgjeng fekk halvdagen til å gli som på skinner.

Dei mange frammøtte (60) vart traktert med kortreist mat (fjellrøye, killingkjøt, heimebaka eplekake) og mengder av kaffe. Ål kommune, Ål og Hol mållag og Skue Sparebank støtta arrangementet økonomisk, medan arrangørane dette året kom frå heile Hallingdal (Leveld Kunstnartun, Ål bonde- og småbrukarlag, Utvalde kulturlandskap i landbruket – Leveld, Olav Sletto-selskapet og alle biblioteka i Hallingdal).

Steinar Saghaug var der med kamera, og då veit vi det blir fargerikt. Bilder, film og lydfiler er publisert på hans og fleire andre sine fjesboksider.

Ein stor takk til alle dei nemnde, men størst takk likevel til eit framifrå godt publikum.

Olav Randen (t.v.) og Arne Bugge Amundsen foreleste om "Fjellbonden som nasjonsbyggjar". Foto: Eva Almhjell, 2019.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stein Torleif Bjella fek humringa fram hjå både den jordsjuke og den ikkje-jordsjuke då han las og sang frå Jordsjukantologi I under Olav Sletto-dagen 2019. Foto: Eva Almhjell, 2019.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eva Almhjell. Foto: Steinar Saghaug, 12.10.2019

 

 

 

 

 

 

 

 

Framsidebilde: Tove Bøygard (gitar) og Hege Rimestad (fele) urframførte dikt av Eva Almhjell, tonesett av Tove Bøygard, under Olav Sletto-dagen 2019. Foto: Eva Almhjell.