«Naar ein ser Sletto koma inn i ein forsamlingssal, fri og sterk og bjart og roleg, so langt fraa aa minna um bondebygdi at han nærmare er ein forfina estetikar – og so høyrer han tala sine fine og formsikre ord med rein og klaar røyst, so er det vel mange som hadde trutt han var strengare og sterkare enn han no ser ut til aa vera. Men naar dei har lydt paa eit korters tid, merkar dei ein styrke som tryllar folkeflokken inn i det som er hans tankeverd, so folk sit og syp etter anden. Daa merkar dei ein styrke hjaa han som dei sidan har age for.»
Sletto talar ikkje, paa vanleg vis, han diktar, han maalar, han penslar ut. Og under dette er det som andlitet hans etter kvart faar fastare og klaarare linor. Og ein kjem til aa tenkja paa andlitsdragi hjaa Henrik Wergeland, sluttar Johan Austbø si skildring av talaren Olav Sletto. Artikkelen er publisert i Ung-Norig, eit litterært tidsskrift aat ungdomen, Risør 1922.
Professor Jørn Øyrehagen Sunde, sjølv prisløna talar, ga publikum ei liknande oppleving då han under Olav Sletto-dagen 2017 tala om talaren Olav Sletto. Ta deg tid til å lytte på ein stortalar omtala ein annan stortalar ved å klikke deg inn på Lydfiler i venstre margen.
Bildet av den unge Olav Sletto er utlånt frå Hol bygdearkiv. Fotografen er ukjent.