Brått var hausten der, og Olav Sletto-dagen 2018 står for døra. I år får vi blank, ny kunnskap om Olav Slettos liv og dikting. Det syter framragande formidlarar og forskarar for: Professor ved Universitetet i Bergen, Jørn Øyrehagen Sunde. Han er kjent og kjær frå tidlegare Sletto-dagar, og tek for seg brevskrivaren Olav Sletto. Erling Sørli, historikar, før dette lektor og pedagogisk rettleiar i den vidaregåande skulen i Holmestrand, deler forvitneleg kunnskap om Sletto og det mangslungne forholdet til kritikarane med oss, og Erling Lae, kjent og kjær hyttehalling i andre slektsledd, fortel frå si lesing av Per-bøkene. Eva Almhjell har transkribert brevvekslinga mellom Karin og Olav Sletto og vil fortelja frå deira liv og samliv før 1918. Det blir om kjærleiken, Satan og diktinga. Kjerstin Pronzato bidreg med musikalsk følgje til Eva Almhjell, med mannen sin, Roberto Pronzato ved pianoet.
Dagen er laurdag 13. oktober kl. 13-17 i Veslesalen på Ål kulturhus.
Inngangbilletten kostar kr. 200 for medlemmer av Olav Sletto-selskapet, og kr. 250 for andre. Den inkluderer varm mat, kald og varm drikke mv.
Arrangørar: Olav Sletto-Selskapet i samarbeid med biblioteka i Nes, Ål og Hol.
Kjøp billett på hallingbillett.no eller i Ål kulturhus.
Velkomne!
Desse har støtta Olav Sletto-dagen 2018 økonomisk: SKUE sparebank, Ål Mållag, Buskerud Mållag, Ål kommune.
Framsidefoto: Skarvånfossen i Vierbotn. Foto: E. Almhjell