Tre brevartiklar skrivne av Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, er publisert på http://www.olavslettoselskapet.no /taleferdartiklar-3/ Det er breva mellom Olav Sletto og kona Karin i åra 1911-1918, som er underlaget for artiklane. Dei kan lesast som spennande fortellingar frå ulike taleferder som Sletto gjorde i åra 1910-1917. Om ein ynskjer kan ein lesa artiklane kronologisk og slik skaffe seg eit samla og unikt innblikk i liv og samliv – fram til september 1911. Det er eit kjærleiksdrama i hundre. Ein brevartikkel om Sletto-familien sine fem år i Vollen i Asker (1912-1918), blir fyrst publisert i Årbok for Vollen histporielag 2018 til mot slutten av året. Så kjem den i elektronisk form her etterpå.
Framsidebilde: Unge Olav og Karin Sletto. Karin-bilde utlånt av Are von der Lippe. Fotomontasje Bjørn Furuseth/Hol Bygdearkiv.