Frå Olav Sataslåtten har vi fått ei unik helsing frå Olav Sletto til Lars Eskeland sin 70-årsdag i 1937. Alle hallingar som hadde site under hans lærestol ved Voss folkehøgskule hadde laga kvar si helsing. Alle helsingane vart skinninnbunde og overrekt jubilanten. Her går det tydeleg fram at Slettos fyrste store læremeister har betydd svært mykje for han og hans utvikling som forfattar – og talar, ikkje minst det. Lars Eskeland er kjent for å ha drilla studentane sine i talekunst. Olav Sletto gjorde seg god nytte av lærdomen. Han vart sjølv kjent som ein stortalar, ja, ein talekunstnar – som sitt store ideal.