Dei 18 årsmøtedeltakarane fekk med seg mykje nytt frå Olav Sletto-selskapet sine aktivitetar 2017 og fram til april 2018. Etter handsaminga av årsmøtesakene, fekk vi høyre eit NRK-intervju med Olav Sletto frå tidleg 1950-tal. Det var forvitneleg høyre stemma hans, og vi merka oss at han tala normalisert nynorsk. Han fortalde om folkemusikkens betydning i diktinga si. 2017 har vore eit år med transkriberingar frå Sletto-arkivet si rike samling av brev. Eva Cecilie Skaarberg fortalde frå sitt arbeid med breva frå Alf Larsen, Olav Slettos åndsfrende framfor nokon, og Margarethe L’orange ga att frå brev mange andre hadde skrive til Olav Sletto, som t.d. Arne Garborg. Det var mykje morosamt og interessant stoff, fortalt på levande vis. Eva Almhjell las utdrag frå breva mellom Karin og Olav Sletto den tida dei budde i Asker (1912-1917). Mykje å undre seg over, mykje å lære – om to einsame sjeler som fann den store kjærleiken saman. Almhjell skriv «brevartiklar» til ulike historielag, der Sletto var på taleferd for 100 år sidan. Forvitnelege reiseskildringar. Ei rik kjelde til kunnskap om den store forfattarens sitt liv og dikting.
Protokollen frå årsmøtet er publisert under Styret/årsmøter/2018 og under
Protokoll årsmøte 2018 – Olav Sletto-selskapet – sign.
Bildet viser det nye styret i Olav Sletto-selskapet: f.v. framme Grethe Larsgard Rudningen, Eva Almhjell, Eva-Charlotte Mørk. Bak f.v. Inger Grostølen og Margarethe L’orange. I midten Ola Ruud, som er kasserar men ikkje formelt med i styret.