Hol kommune har bevilga kr. 12 000 til Olav Sletto-selskapet sitt arbeid med transkribering og digitalisering av Sletto-arkivet. – Summen dekker dei utlegga vi har hatt i 2017 til dette arbeidet, seier ei glad Eva Almhjell. Ho er leiar i Olav Sletto-selskapet. Det er Hol kommune som eig Sletto-arkivet, og vi ser på bevilgninga som ei solid støtte til det store og omfattande arbeidet vi driv med.
Foto: Hans Petter Hive