Målaren Mimi Falsen (1861-1957) laga fleire bilder av Sletto-familien, både samla og av einskildpersonar, m.a. eit portrett av Olav i 1909. Om ikkje dette portrettet er der, så er mange av Falsens måleri samla på Institutt for sjelesorg på Modum. Einar Lundby (1894-1978), lege og sjelesørgar, og stiftar av instituttet (1975), kjente Mimi Falsen godt. Han kjøpte mange av hennar måleri. Då han døydde, ga han samlinga si til Institutt for sjelesorg. Der var Eva Cecilie Sletto og Eva Almhjell på besøk onsdag 1. mars 2017. Instituttdiakon Eli Landro kjenner samlinga godt. Ho var vår guide. Blant bilda ho viste oss, var eit portrett av ei lyshåra jente, måla i 1912. Då Eva Cecilie var innom instituttet for mange år sidan, saman med mor si, skodespelaren Eva Sletto, meinte Eva at dette portrettet var av henne som småjente. Samlinga ved Institutt for sjelesorg er ei spennande samling med fleire av Mimi Falsens sjølportrett, portrett av andre, stilleben og temabilder – til dagleg glede for gjestene ved instituttet.
Framsidebildet viser Eva Cecilie Sletto med jenteportrettet i fanget, flankert av Eli Landro, Institutt for sjelesorg (t.v.) og Eva Almhjell, Olav Sletto-selskapet (t.h.).
Foto: Grethe Nestegard.
Bildet under: Mimi Falsens sjølportrett 1922 – utsnitt. Foto: Eva Almhjell.