Olav Sletto var forut for si tid i forståinga av menneskas åndeleg utvikling. No er Olav Sletto si tid komen. Det hevda prest og forskar Helge Hognestad i si forelesing på Geilo 15. oktober.
Saman med litteraturvitar Eva-Charlotte Mørk var han forelesar på nyskapinga Olav Sletto-dagen. På denne dagen, som skal bli ein tradisjon, ynskjer me å presentere nyare forsking og ny-lesing av Olav Sletto sine bøker som bidrag til å forstå Olav Slettos liv og dikting.
Helge Hognestad, som ikkje hadde lese noko av Olav Sletto før han vart invitert til å delta på Olav Sletto-dagen i år, gav utrykk for at lesinga hadde vore ei positiv oppleving. Hognestads oppdrag var å sjå på Olav Slettos dikting i lys av vår tids nye åndelegheit.
Hognestad interesserer seg for forholdet mellom dei to dimensjonane i mennesket – det rasjonelle ego-et og den åndelige delen av personlegdomen. Hans postulat er at som åndelege vesen er vi ennå ikkje fullt utvikla, men framleis på veg. Til si glede og overrasking hadde han funne at Olav Sletto hevda det same: ”Menneskeheita er i avlen enno” – me må ” lytte til den visare delen inni oss”. Hognestad gav døme, frå bl.a. Per-bøkene og Røgnaldfolket , på opplevinger av ein slik åndeleg dimensjon i tilveret.
Eva-Charlotte Mørk har skrive masteroppgave om «Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos Loke-bøker». Ho har lese Loke-bøkene som fantasy-litteratur. Ho samanlikna historia i Sletto sine fire Loke-bøker med historier om Loke, Odin, Balder og andre norrøne gudar i den norrøne mytologien. På same måte som i fantasy-sjangeren skildrar Sletto ei sekundær verd full av magi og magiske vesen, med klare trekk frå historisk vikingtid. Lokes personlege kamp er samanfletta med den endelege kampen som avgjer heile verdas lagnad.
Eva Almhjell, leiar av Olav Sletto-selskapet, innleia den interessante forlesingsrekkja med eit foredrag om kvinnemøter og åndeleg vekst i Olav Sletto sin forfattarskap. Forfattarens relasjon til kvinner er eit nytt bidrag til innsikt i livet og diktinga hans.
Nær 30 interesserte tilhøyrarar hadde glede av denne fyrste Olav Sletto-dagen, som fekk økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen Hallingdal. Styret har idear og planar for komande år. Fylg med!
Gjekk du glipp av Olav Sletto-dagen 2016? Sjå Mørks masteroppgave med samandrag av dei fire Lokebøkene i Katalog i venstre margen. Bla deg fram til arkivboks nr. 1, mappe 1.2..
Framsidebiletet syner nokre av deltakarane i samtale med Helge Hognestad. Alle foto: Margarethe L’orange