Vi skriv oktober, og tida for OLAV SLETTO-DAGEN nærmar seg. Hensikten med dagen er å presentere ny forsking og ny-lesing av Olav Slettos bøker. Nylanseringa går av stabelen på biblioteket på Dr. Holms hotell, laurdag 15. oktober, kl. 13 til kl. 17.
På programmet står foredrag av Helge Hognestad, uredd og ukonvensjonell prest, som ser på Olav Slettos dikting i lys av vår tids nye åndelegheit. Då eg høyrde Hognestad tala om den nye åndelegheita i Tønsberg i februar, tenkte eg at desse to kunne ha mykje å samtale om, seier Eva Almhjell, og no kjem han for å dele dei tankane han har gjort seg under lesinga av Olav Sletto det siste halve året. Mon tru om dei trivdes i lag?
Det er ei spesiell glede at vi blant foredragshaldarane har med ungdom! Eva-Charlotte Mørk skreiv masteroppgava si om «Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos Loke-bøker». Ho har lese Loke-bøkene som fantasy-litteratur! Den er lett kjenneleg avdi handlinga er lagt til ei anna verd. I Slettos fire bøker om Loke er vi i tre verder: Utgard, Åsgard og Midtgard. Loke smett mellom alle tre, og er dels av åsaætt, dels av jotun- og dels av menneske-ætt. Han lurer på kven han er og kvar han høyrer heime, er på leiting etter eigen identitet. Men makta sug! Sletto brukar både norrøn og kristen mytologi i fortellinga om Loke. Komplisert? Ja, men litteraturvitaren på 26 år vil ta oss med på Lokes kronglete stigar til det Sletto kallar Allfader. (Masteroppgava med samandrag av dei fire Lokebøkene finn du ved å klikke Katalog i venstre margen og bla deg fram til arkivboks nr. 1, mappe 1.2.).
Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet har lese Olver-bøkene, som er Olav Slettos kunstferdige sjølvbiografi, ei blanding av fiksjon og fakta, men mykje av det siste, seier Lars Reinton, hans gode venn og biograf. Sletto er kjent for å vilja vera gåtefull. Almhjell ynskte å bli nærare kjent med mannen Olav Sletto, og nærma seg ved å analysere møter Olver/Olav har med kvinner i sine unge år. Korleis gjekk det – vart ho klokare på mannen Olav?
Arrangementet er gratis. Du finn programmet nedanfor, og styret i Olav Sletto-selskapet ynskjer av hjarta velkommen til Olav Sletto-dagen 2016.