Olav Sletto-selskapet deltek på Bokmessa 2016 på Ål laurdag 19. november 2016. Leiar Eva Almhjell fortel kort om si lesing av Olver-bøkene, Olav Slettos sjølvbiografi. Bøkene er ei blanding av fiksjon og fakta, med ein påstand om at Olver/Olav Sletto var tidtrøyte for urbane kvinnesakskvinner på studieferda si til Kristiania og København i 1908-1909. Var det fiksjon eller fakta, skal tru? spør Almhjell. Bokmessa 2016 har eit spennande program med godbitar innan årets bokutgivelsar, både av lokale forfattarar og andre. Programmet finn du i lenka under.
Ål Bibliotek – Bokmessa Folder 10-16 WEB
Framsidebildet: Ål-ordførar Solveig Vestenfor og Eva Almhjell, Olav Sletto-selskapet under Bokmessa 2015. Foto: Privat.