Karin Sletto, Olav Slettos kone, var født og vaks opp i Sandefjord. Ho høyrde til den absolutte overklasse i den vesle reiarbyen. Heimen var Katrineborg, eller Brydeslottet som det heiter på folkemunne. Det var eit staseleg hus med ein stor og gild hage, samt tre fløyar for hestar og tenestfolk. Eva Cecilie Sletto og Eva Almhjell frå Olav Sletto-selskapet var ein tur på gamle tufter ein regntung 12. august 2016, og kunne konstatere at den erverdige villaen var under modernisering. Her skal det bli moderne boligar i gamalt skal. På bildet ser vi Eva Cecilie Sletto under paraplyen med Brydeslottet bak. Foto: Eva Almhjell.