vart greit gjennomført fredag 1.april på Vika velferdssenter i Hol med 18 medlemmer rundt bordet. Ingen hadde motsegn til endring av vedtektenes §9, slik at årsmøte heretter vel leiar og styremedlemmer, mens styret ellers konstituerer seg sjølv. Det vil gi større fleksibilitet i arbeidsdelinga styremedlemmene i mellom. Mangeårig varamedlem Eli Sælid takka for seg. Olav Sletto-selskapet takkar henne for trufast tenest gjennom mange år, og ynskte dei to nye varamedlemmeer til styret, Inger Grostølen og Per Lilleslett, velkomne. Ellers vart styresamansetjinga som før. Ola Ruud overtek som kasserar med uformell tilknyting til styret, og held fram som rekneskapsførar. Sjå protokollen frå årsmøtet i lenka under. Den blir også å finne under emnepunktet Styret/Årsmøter.
Etter dei formelle årsmøtesakene bad styret inn til open kveld. Seks interesserte tilhøyrarar slutta seg til årsmøtedeltakarane for å høyre Arne Horge, hovslagar og skribent frå Rukkedalen, dela med oss sin innsikt i Olav Sletto som språkleg skattekiste, med PER-bøkene som døme. Det vart ei oppleving. Livfullt og engasjert las Arne Horge utvalde avsnitt av dei fire bøkene. Ingen skodespelar kunne gjort dette betre. Takk for ei fin stund!
Tekst: Margarethe L’orange