Familien Sletto sto i sentrum då Litterær Salong i Tønsberg held si andre samling på erverdige Villa Møllebakken. Ragnar Ytrehus, leiar i Alf Larsens litterære selskap innleidde med «Soga om Alf Larsen og Olav Sletto», venskapen mellom dei to åndsfrendane Sletto og Larsen. Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, tala om Anne Sletto (1867-1946), Olav Slettos mor, og ei spennande dame som var tenestjente i Vestfold i 15-20 år, før ho vende heim att til Hol (Geilo). Meir enn 30 folk trassa vått snøslaps ute og fekk eit par timars samver med mor og son Sletto i tider langt frå dagens tilhøve. Mange kjøpte bøker. Dei gledde seg til å lesa meir om to dei knapt hadde høyrt om tidlegare. Og eit par tok med seg bøkene om Anne Sletto og Per Gjetar for å supplere Sletto-samlinga i heimen! Ytrehus si tale er trykt i KULT – Vestfolds ledende kulturtidsskrift, nr. 1/2016, og vil koma som artikkel i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2017. Det var nystarta Litterær Salong i Tønsberg som var arrangør. Salong-samlingane vil finne stad ei gong i månaden, fortel to av initiativtakarane, Maria Szacinski og Ragnar Ytrehus.
Forsidebilde: F.v. Ragnar Ytrehus, Maria Szasinski og Eva Almhjell. Foto: Kjersti Fønhus.