Fredag 1. april 2016 kl. 18 held Olav Sletto-selskapet årsmøte på Vika velferdssenter i Hol. Til årsmøtesakene høyrer eit forslag til endring av §9 i vedtektene. Styret la i 2015 fram forslag om at årsmøtet vel styre og styreleiar, men at styret ellers konstituerer seg sjølv. Dette ville gi større fleksibilitet i den daglege drifta, noko styret har fått røyne i 2015, og som styrkar forslaget til vedtekstendring. Ellers er det vanlege årsmøtesaker. Saker til årsmøtet må vera styret i hende innan 22. mars 2016. Kl. 19 startar den opne delen av årsmøtet. Arne Horge, hovslagar og skribent frå Rukkedalen, talar om temaet «Olav Sletto som språkleg skattekiste, med PER-bøkene som døme». Mange har alt betalt medlemspengane for 2016, men fleire kan enno glede seg til å betala kr. 200 til Olav Sletto-selskapet v/Ola Ruud, 3577 Hovet, konto 2333 22 62998. Hjartans velkomne!
Bildet: Arne Horge (t.h.) under Bokmessa 2015 på Ål. Foto: Eva Almhjell.