Torsdag 13. august
2015 var leiaren i Olav Sletto-selskapet på Ål blibliotek, der ho fortalde om boka «Anne Sletto – eit kvinneportrett». Dei to artiklane i boka, portrettet av Anne Sletto og «Utanfor ekteskap» av Jørn Øyrehagen Sunde gir eit interessant bilde av korleis livet kunne vera for ei tenestjente som Anne Sletto på slutten av 1800-talet, og for tenestjenter flest i Norge frå 1600-talet til vår tid.
I det strålande varme seinsommarvêret hadde ca. 15-20 folk funne fram til biblioteket, både fastbuande og hyttefolk. Det vart eit interessant ordskifte etter foredraget, og mange undra seg over den skamma som kvinner som fødde barn utanfor ekteskap vart til del. For oss som lever i dag, er det neste ubegripeleg, men truleg ikkje for dei mange tusen som vart påførd denne skamma – av folk som ingen rett hadde til å gjera det. Arrangørar: Ål historielag og Ål blbliotek.
Foto: Privat