Karin Bull har gitt eit ølkrus i tre med fint utskoren dekor til Olav Sletto-samlinga. Kruset har vore i Olav Slettos eige. Sletto skildrar, i det Lars Reinton kallar «Minneboka», garden Sletto som ein stad tufta på ein grunnsolid bygdekultur, noko som kan avlesast i
interiøret på garden. Der finn vi også opplysningar om ølkruset. Olav Sletto skriv: «På bordsenden stod ei utgamal ølkrus gjord av bjørkerot, ho stod på tre løvor og på loket stod ein liten hund og skoda ut i romet.» (sjå Dahle/Reinton: «Ei bok om Olav Sletto», s. 19). Ølkruset er gitt samlinga etter ynskje frå avlidne mor til Karin Bull, Irene Muri. Irene var yngste dotter til Olav og Karin Sletto. Ølkruset står no i Olav Sletto-rommet i Holet bibliotek, og Olav Sletto-selskapet takkar varmt for gava.
Profilar Karin Bull og Olav Sletto
Foto: Anders Bull